Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat på prosjektet CanCode

Søknadsfrist: 17.05.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er det ledig ei stipendiatstilling i islamstudiar, retta mot kanonisering av islamske lovtekstar på den før-moderne og koloniale Swahili-kysten. Stillinga er ein del av forskingsprosjektet «Canonization and Codification of Islamic legal texts (CanCode)», finansiert av Trond Mohn Stiftelsen og Universitetet i Bergen.

CanCode-prosjektet (2020-2024) skal studere og teoretisere endring i tekstane i islamsk lov over tid. Utgangspunktet er dei to hovudomgrepa "kanonisering" og "kodifisering", som blir studert på tvers av skiljet mellom det før-moderne og moderne.

Det er fire arbeidspakkar i prosjektet:

A: Kanoniseringsprosessar på den før-moderne og koloniale Swahili-kysten.

B: Kanoniseringsprosessar i islamsk lov og normer i det samtidige Skandinavia

C: Kodifisering av islamsk lov i før-moderne Zaydi Jemen

D: Kodifisering av islamsk lov i det samtidige Egypt og Israel

Ein femte arbeidspakke (E) er det samanbindande hovudfokuset til prosjektet, der empiriske data frå arbeidspakke A-D blir samanlikna og kontrastert med teoribygging som mål.

Stipendiatstillinga er knytt til arbeidspakke A, og det er forventa at kandidaten arbeider med eit prosjekt som passar inn i denne arbeidspakken. Tema må være innafor feltet kanoniseringsprosessar av islamske lovtekstar på den før-moderne og koloniale Swahilikysten. Kandidaten kan inkludere spørsmål som: Kva slags verk blei utvalde for trykk og av kven? Førte denne prosessen til nye kanonar og i kva grad var dette tilsikta? Kandidaten kan her gjere bruk av dei nyleg digitaliserte islamske tekstsamlingane, og etablerte kontaktar i felten som forskarane i prosjektet allereie har jobba med. Kandidaten kan også basere prosjektet på eigendefinerte kjelder og feltarbeid. Det er avgjerande at kandidaten utviklar ei prosjektskisse som passar rammene til det større prosjektet, og særleg arbeidspakke E (teoribygging).

Søkjarar må kontakte prosjektleiar Eirik Hovden på eirik.hovden@uib.no for å få tilsendt ein omtale av prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande innan eit fagområde som er relevant for prosjektet (Afrikansk eller Midtaustens historie, islamstudiar, rettsantropologi). Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.
  • Søkjaren må kunne arbeide med arabiske kjelder, òg i form av manuskript
  • Søkjaren må kunne gjere seg kjent med og aktivt bruke digitalt kjeldemateriale, og også kunne lage slikt materiale
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, også på feltarbeid, og ha gode samarbeidsevner
  • Kunnskap i Swahili er ein føremon

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane blir det lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga:

Stipendiaten skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei ramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava for opptak til ph.d.-program ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 479 200 brutto.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektomtale (inntil 5 sider/12.000 teikn) som inkluderer ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, og som utdjupar korleis ph.d.-prosjektet vil passe inn i CanCode-prosjektet. Prosjektomtalen bør også innehalde refleksjonar rundt metodikk, gjennomførlegheit og tilgang til data.
  • CV
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil 3 sider)
  • Relevante attestar
  • Framdriftsplan for prosjektet
  • Litteraturliste for prosjektomtalen
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)

Søkjar må ha etablert kontakt med prosjektleiar Eirik Hovden, som vil vera hovudrettleiar for ph.d.-prosjektet.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om utforming av søknad her.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 17. mai 2020

UiB-id: 20/3859

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS