LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i TV-produksjon

Søknadsfrist: 06.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig 4-årig stilling som stipendiat innan området TV-produksjon. Eitt år (25 % av tida) er avsett til oppgåver for instituttet, i hovudsak undervisning på bachelorprogrammet i TV-produksjon.

Om instituttet

Institutt for informasjons- og medievitskap er eit fleirfagleg, forskingsintensivt institutt med ein rekke studieprogram innan fagområda informasjonsvitskap og media & kommunikasjon. Instituttet har 35 fast vitskaplege stillingar og om lag 25 rekrutteringsstillingar. Fagmiljøet innan TV held til i instituttet si avdeling i Media City Bergen, ei kunnskapsklynge med leiande mediehus og produksjonsselskap, samt eit internasjonalt framståande miljø for medieteknologi. I dette pulserande medieproduksjonsmiljøet driv instituttet tre BA-program og tre MA-program innan journalistikk, TV-produksjon/manus og interaksjonsdesign, samt to sentre innan medieteknologi, MediaFutures, og journalistikk, Senter for undersøkande journalistikk.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

TV-produksjonsfeltet går gjennom store endringar, ikkje minst som følgje av at digitaliseringa av kulturen og samfunnet har omforma grunnvilkåra for produksjon, distribusjon og tileigning av mediert innhald. Dette krev oppdatert, kritisk og innovativ forsking på korleis TV-mediet tilpassar seg utviklinga.

Me søkjer no ein ph.d-kandidat som skal utforske dette landskapet. Kandidaten vil vere medlem av forskingsgruppa «Medieestetikk», som studerer film, TV, dataspel, teikneseriar og visuell kultur frå analytiske, teoretiske og historiske perspektiv. Gruppa står i den humanvitskaplege tradisjonen av medievitskapen, og medlemmene undersøkjer medias form og innhald, deira materielle uttrykk, teknologiar, sjangrar og kulturelle verdiar.

Me er særleg interessert i forskingsprosjekt som tek for seg dei transformasjonane som digitaliseringa har medført for TV og skjermbaserte medium, slik som:

  • Onlinedistribusjon og -framsyning
  • Formell eller sjangermessig hybriditet
  • TV og europeisk dokumentarproduksjon
  • Handverk og kreativitet i TV-produksjon
  • Multimedial historieforteljing
  • TV og estetikk – mediets uttrykksmidlar, konvensjonar og moglegheiter
  • Framveksande audiovisuelle teknologiar, t.d. AR og VR
  • Nasjonale kringkastingssektorar og den globale tekno-industrien
  • TV og konseptualisering – utviklinga av idear, format, konsept, manus o.l. (som kan involvere produksjonsstudiar)

TV-produksjon er her breitt definert, frå fiksjon til dokumentar og alt imellom, og inkluderer potensielt alt som kan sjåast på TV. Forskingsprosjekt kan også utforske koblingane mellom TV og nett/sosiale medium, eller forholdet til andre felt, som kunst, teknologi eller journalistikk.

Me ønskjer også velkommen prosjekt som tek utgangspunkt i praksis-baserte metodar, slik dokumentarfilmskaping eller videografi (dvs. framstilling av videoessay), eller som nyttar framveksande kreative teknologiar (3D, AI e.l.), der avhandlinga vil bestå av dels av praktiske, dels av skriftlege element.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i medievitskap, TV-studiar, filmvitskap, film/TV-produksjon, manusutvikling eller liknande.
  • Søkjar må på søknadstidspunktet ha levert masteroppgåva til vurdering. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det er normalt krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskerutdanninga.
  • Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Gode skriftlege og munnlege kunnskapar i engelsk
  • Faglege ambisjonar og entusiasme for forsking og undervisning vil bli tillagd vekt

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ein normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanningsbakgrunnen må minst svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusive ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve. Mastergraden skal være innen det fagområdet det søkes opptak om.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande
  • oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar (inkludert masteroppgåva eller tilsvarande).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 6.8.2021.

Søknaden må merkast: 2021/5989

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar hanne.gravermoen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS