LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i trygderett (EU/EØS) - Det juridiske fakultet (2. gongs utlysing)

Søknadsfrist: 01.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stipendiatstilling knytt til ei nasjonal satsing om å styrke trygderettsleg/EØS-rettsleg forsking. Satsinga er eit samarbeid mellom Arbeids- og sosialdepartementet og dei tre juridiske fakulteta.

Normal åremålsperiode for stillinga er fire år med 25 prosent pliktarbeid. Avgjerda av om det skal leggjast til eitt år med pliktarbeid i form av undervisning, skal treffast innan seks månader. Eventuell undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB. Åremålsperiode med pliktarbeid blir vurdert særskilt etter søkjaren sine kvalifikasjonar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du leverer masteroppgåva seinast dette semesteret, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av faget
  • Du må ta aktivt del i utviklinga av eit godt fagmiljø

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar):

Administrasjons- og undervisningsspråket på fakultetet sitt doktorgradsprogram er til vanleg norsk.

Prosjektskildringa bør vere på ca. 10 sider, og ho skal innehalde ein plan for gjennomføringa av prosjektet og forskarutdanninga. Prosjektet må ta for seg trygderettslege spørsmål som også aktualiserer EU-/EØS-regelverk. Prosjektskildringa skal følgje dei krava til innhald som står i rettleiinga for søkjarar til stipendiatstilling

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d-grad innanfor ei tidsramme på tre år, eventuelt fire år med undervisningsplikt.

I tillegg til å fylle det generelle kravet for tilsetjing, må søkarane fylle kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program. Fakultetet nemner opp ein rettleiar for kandidaten etter tilsetjing og opptak på ph.d.-programmet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54-59 (kode 1017/LR 20, alternativ 10) ut frå relevant praksis. Dette ligg for tida i spennet mellom 491 200,- og 534 400,-. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Prosjektskildring og gjennomføringsplan
  • CV
  • Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål for mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert, samt relevante attestar
  • Mastergradsoppgåva og eventuelle vitskaplege arbeid
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve

Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved offisiell dokumentasjon som viser kva for karakterar på vitnemålet som er på eit høgt fagleg nivå, og kva for kriterium som ligg til grunn for ei slik vurdering

Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen eller vitskaplege arbeid ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk mastergrad. Sjå http://www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.

Du må laste opp søknad og vedlegg i Jobbnorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen».

Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Fakultetet gjev inga vurdering av søknadene på førehand.

Generell informasjon:

Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju.

Utfyllande opplysningar om stillingane kan du få ved å vende deg til:

  • HR ved fakultetet, epostadresse hrjur@uib.no, eller til
  • Prodekan for forsking Ragna Aarli, tlf. 55 58 95 52, e-post: ragna.aarli@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS