Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i terrestrisk økosystem responsar på klimaendringar og effektar for akkumulering karbon i jord

Søknadsfrist: 14.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for biovitenskap og Bjerknessenteret for Klimaforskning er det ledig ei stilling som stipendiat innan økosystem responsar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til tema omkring forståinga av påverknaden av klimaendringar, menneskeleg aktivitet og naturleg suksesjon på økosystems samansetning, artsmangfald, terrestrisk jordkjemi og lagring av karbon i jord på lang og kort tidsskala.

Terrestriske økosystem spelar ein viktig rolle i jordas karbonbalanse. Terrestriske økosystem på middels til høge breddegrader er viktige i prosessane omkring karbonlagring og karbonbalansen. Dette prosjektet vil nytta både empiriske data og modellar for å få data og kunnskap om terrestriske økosystem si karbonlagring i ulike terrestre økosystem på høge breddegradar. Hovudfokuset i prosjektet ligg i å utnytte organiske avsetningar og deira akkumulering av karbon og alder for å forstå korleis karbon akkumuleres i jord i desse økosystema. Per i dag har vi for lite kunnskap og data om mønster og detaljar i desse prosessane. Viktige økosystem er ulike typar skog, ope landskap (lynghei, enger og våtmarksområde) med ulik grad av menneskelig påverknad og regionalt klima.

Vi vil bruke ulike metodar for å forstå mønster og prosessar som påverkar karbonlagring og kan gi oss kunnskap – det kan vere radiokarbondateringar, analysar av pollen og plantemakrofossil og modellering av økosystem ved bruk av data frå ulike lokalitetar i Skandinavia. I tillegg vil det vere sterk fokus på statistisk analyse der studenten vil få god opplæring i bruk av verktøy slik som R.

PhD studenten vil ha moglegheit til å skaffe seg kunnskap i ulike disiplinar og metodar slik som paleoøkologi, jordkjemi og økosystem modellering som vil vere viktig for framtidige jobbmoglegheiter.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Avhengig av kandidatens bakgrunn, ferdigheiter og interesser vil arbeidet kunne vere relatert til (men ikkje avgrensa av):

  • feltarbeid (innsamling av jordprøver og torvmateriale)
  • laboratoriearbeid for å kvantifisere organisk innhald og kvalitet
  • økosystem modellering
  • 14C dateringar og utvikling av aldersmodellar
  • rekonstruksjon av fortidas vegetasjon og miljø ved bruk av pollen og plante makrofossil data
  • modellering av fortidas vegetasjon og landskap, inkludert karbondynamikk
  • utvikle sine eigne forskingsspørsmål og hypotesar relatert til utfordringane lista over
  • det endelege PhD prosjektet vil bli fastatt basert på kandidaten si bakgrunn og forskingsinteresser i saman med rettleiarane

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjaren må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i biologi/økologi/natur- og miljøfag eller relaterte felt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring frå terrestrisk økologi, jordkjemi eller paleoøkologiske felt- og labmetodar, innsamling og analyse av data er ein føremon.
  • Som PhD-kandidat er du oppfordra til å utforske eigne idear og forskingsspørsmål knytt til dei overordna måla for prosjektet. Gode problemløysingsferdigheiter vil difor bli høgt verdsatt hos kandidaten
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Om stipendiatstillinga:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar):

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • kurs og teknisk opplæring
  • opplæring i karriereutvikling
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • eit kort dokument (1 side) som skildrar dei forskingsspørsmåla og tilnærmingane du ville være interessert i å nytta i prosjektet
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Anne E Bjune, Institutt for biovitenskap, anne.bjune@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS