LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i statsvitskap

Søknadsfrist: 20.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat i statsvitskap ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, knytt til forskarprosjektet «Policy capacity of interest groups» (POLCAP), finansiert av Norsk Forskningsrådet. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 75% er arbeidet på ph.d. relatert forsking og 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet (undervisning, rettleiing og administrasjon).

Om POLCAP prosjektet:

POLCAP prosjektet er fokusert på kapasitet av forskjellige interesseorganisasjonar i utdanning feltet. Interesseorganisasjonar utfyll staten sin politiske kapasitet med informasjon, ekspertise og legitimitet. Det er viktig å vite kor mykje kapasitet interesseorganisasjonar her til å delta i politikkprosessen, fordi kapasitet er tett kopla med suksess i offentleg politikk.

Hovudfokus er på interesseorganisasjonar i norsk utdanningssektor, spesielt dei som representere profesjonsinteresser, utdanningsinstitusjonar (barnehagar, skoler, universitet osb.) og brukarar (elever og studentar). Dei norske interesseorganisasjonane blir samanlikna med liknande organisasjonar i Finland og Tyskland.Prosjektleder er førsteamanuensis Martina Vukasovic.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i statsvitskap eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vera avlagt innan fristen for søknaden.
  • Kunne arbeide sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelsk vil vere eit krav. Kjennskap til norsk vil vere eit føremon.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til undervisning, formidling, veiledning og administrasjon. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om ph.d.-utdanninga:

Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Prosjektet:

Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildring må være knyttet til POLCAP prosjektet. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 54 (st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring (5-8 sider)
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge via link på denne sida.

Søknadsfrist: 20. september 2021 Søknaden må merkast: 21/10684

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR–seniorkonsulent Hanne Cappelen (hanne.cappelen@uib.no)

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar: Hanne.Gravermoen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS