Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i romfysikk (3 år)

Søknadsfrist: 22.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i romfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år finansiert av Trond Mohn stiftinga.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d.-kandidaten vil vere knytt til gruppa “Dynamics of the Asymmetric Geospace” ved Birkeland Centre for Space Science (https://birkeland.uib.no/research/asymmetric-geospace/). Hovudspørsmålet denne gruppa arbeider med er "Kvifor er verdsrommet rundt jorda asymmetrisk?" og "Kva romlege- og tidsskalaer er viktigast for dynamikken i rommet rundt jorda?" Ph.d.-prosjektet vil vere ein del av eit nytt prosjekt, finansiert av Trond Mohn stiftinga. Prosjektet handlar om å identifisere dei viktigaste prosessane og tidsskalaene som formar nord- og sørlysovalane på stor skala. Grensene til nord- og sørlysovalane representerer viktige topologiske grenser i magnetosfæren. Dei samanfell ofte med sterke skjær i plasmastrømningar, og med elektriske straumar som går langs magnetfeltlinjer langt ut i rommet. Ved å undersøkje korleis, og på kva tidsskalaer forandringar i nord- og sørlysovalane skjer, kan vi få ny kunnskap om det asymmetriske rommet rundt jorda. Ph.d.-prosjektet vil ta utgangspunkt i teknikkar for å identifisere grensene til nord- og sørlysovalane som har vore utvikla for ulike måleteknikkar, og utføre statistiske analyser for å identifisere dei viktigaste prosessane og tidsskalaane som formar nord- og sørlysovalane. Arbeidet vil gjerast i nært samarbeid med andre medlemmar i forskingsgruppa. Eit meir spesifikt Ph.d.-program vil definerast i samarbeid med den utvalde kandidaten.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i romfysikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 1.7.2020. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Vi ser etter kandidatar som kan dokumentere utmerkte kunnskapar innan romfysikk om polar breddegrader, og som har demonstrert erfaring innan vitskapeleg programmering med Python, Matlab, aller liknande programmeringsspråk.
  • Følgande kvalifikasjonar vil vere ein fordel: Erfaring med dataanalyse, spesielt relatert til ionosfæren ved polare breddegrader og målingar av partikkelnedbør frå bakken (t.d. EISCAT) eller i rommet (t.d. NOAA POES eller DMSP)
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 1.7.2020.
  • Relevante attestar
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Forskar Karl Laundal, Birkeland Centre for Space Science, +4791350772, e-post: karl.laundal@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS