Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i reknebasert katalyse

Søknadsfrist: 05.03.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i reknebasert katalyse

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i reknebasert katalyse. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Forskargruppa utviklar homogene katalysatorar for konvertering og foredling av fornybare ressursar og for framstilling av legemiddel. Katalysatorutviklinga utnyttar innsikt i bindingstilhøve og reaksjonsmekanismar for dei katalytisk aktive metallorganiske sambindingane. Denne innsikta vert i stor grad oppnådd gjennom berekningar på molekylnivå, og gruppa er internasjonalt anerkjent for sine bidrag til reknebasert design av katalysatorar med høg aktivitet og selektivitet, særleg innan såkalla olefinmetatese.

Vi ønskjer nå å styrke gruppa sitt arbeid innan olefinmetatese ytterlegare, og søkjer ein stipendiat med rett bakgrunn og motivasjon for reknebasert utvikling av olefinmetatesekatalysatorar. Denne stipendiaten vil føreseie nye katalysatorar ved hjelp av berekningar på molekylnivå, og arbeide tett saman med andre forskarar som vil følgje opp dei mest lovande prediksjonane med syntese og testing.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i kjemi eller tilsvarande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha sterk bakgrunn i kvantekjemi og anvendt kvantekjemi, og formell kompetanse (kurs på universitetsnivå) er eit minstekrav.
  • Søkjarar må ha ein solid bakgrunn frå metallorganisk kjemi, og formell kompetanse (kurs på universitetsnivå) er eit minstekrav.
  • Bakgrunn frå andre delar av berekningskjemien, som til dømes molekylmekanikk og -dynamikk, er ein føremon.
  • Erfaring med kvantekjemiske studiar av transisjonsmetallkatalyserte kjemiske reaksjonar er ein stor føremon.
  • Erfaring frå bruk av reknebasert kjemi i molekyldesign, gjerne i samarbeid med kjemikarar som arbeider eksperimentelt, er ein føremon.
  • Erfaring frå arbeid innan olefinmetatese er ein føremon.
  • Den som vert tilsett må ha
    • gode evner til kritisk tenking og skriving.
    • evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og til å samarbeide med andre
    • gode kunnskapar i både skriftleg og munnleg engelsk.

I vurdering av søkjarar vil personlege og mellommenneskelege eigenskapar bli vektlagt, inkludert evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og med gode samarbeidsrelasjonar. Ambisjonar og potensial for vitskapleg karriere vil også bli vurdert og gitt betydeleg vekt.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • professor. Vidar R. Jensen, Kjemisk institutt, tlf. +47-55583489 / e-mail: Vidar.Jensen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS