LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i islamsk historie og kultur - kjønn og rettstradisjonar i Afghanistan

Søknadsfrist: 06.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er det ledig ei stipendiatstilling i islamsk historie og kultur. Stillinga er del av prosjektet «Research Fellowship, Gender, Islam and Transnational Legal Orderings in Post-US Afghanistan», finansiert av Norges forskningsråd og leia av Chr. Michelsens institutt (Bergen), i samarbeid med Universitetet i Bergen og Afghanistan Research and Evaluation Unit (Kabul).

Om prosjektet:

Dette er eit tverrfagleg prosjekt som skal utforske forholda mellom islamsk lærdom, kjønn og politikk i Afghanistan. Det er fire arbeidspakkar i prosjektet:

1. Religiøs lærdom og kjønn i Afghanistan i dag. Denne arbeidspakken fokuserer på å identifisere sentrale islamske lærde i Afghanistan, og deira intellektuelle påverknad og prestisje, institusjonelle posisjon og politiske makt, synspunkt på kvinners rettar og kva tenkemåtar dei tek i bruk.

2. Religion og kvinnerettsaktivisme. Denne arbeidspakken skal kartlegge korleis kvinneaktivistar i Afghanistan opplever interaksjonen med islamske diskursar og religiøse lærde på ulike arenaer.

3. Rettspraksis. Denne arbeidspakken vil fokusere på gjeldande rettsleg praksis innan familielov, særleg kvinner sine rettar innan feltet ekteskap og skilsmisse.

4. Skjeringspunktet mellom religion, (geo)politikk, kjønn og lov. Den siste arbeidspakken skal ta i bruk data og funn frå dei andre arbeidspakkane og analysere korleis breiare (geo)politiske felt har forma rettspraksis, islamsk rettslære og kampen for kvinners rettar i Afghanistan.

Stipendiatstillinga som lyses ut er i samband med arbeidspakke 1.

Søkjarar kan kontakte Anne Bang (hovudrettleiar), anne.bang@uib.no eller Torunn Wimpelmann (fungerande prosjektleiar), torunn.wimpelmann@cmi.no for en full prosjektskisse.

Om stipendiatstillinga:

  • Søkjaren er forventa å utforme ei ph.d.-avhandling innanfor arbeidspakke 1. sitt fokus, som er skildra meir detaljert i den fullstendige prosjektskildringa.
  • Søkjaren skal inkludera ei skisse som skildrar ph.d.-prosjektet i si søknad. Skissa kan eksempelvis adressere følgande forskingsspørsmål: Kven er dei viktigaste Sunni og Sjia islamske lærde i Afghanistan i dag, intellektuelt, politisk og institusjonelt? Kva slags tekstar og tradisjonar er dei høgst verdsette blant dagens ulema i Afghanistan? Kva er deira standpunkt når det gjeld kvinners rettar i ekteskapet, og til utdanning, jobb og mobilitet?
  • Datainnsamlinga kan basere seg på tekstsamlingar, materiale frå medier og andre primærkjelder, men kan også ta utgangspunkt i feltarbeid som nærmare definert.

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 3 år.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga:

Stipendiaten skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei ramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava for opptak til ph.d.-program ved Universitetet i Bergen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande innan eit fagområde som er relevant for prosjektet (Asia- eller Midtaustens historie, islamstudiar, sosialantropologi eller tilgrensande fagområde). Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.
  • Kunnskap i farsi/dari/pashto er ein føresetnad. Det er ein føremon å kunne gjere nytte av arabiske kjelder.
  • Gode skriftlege engelskkunnskapar er ein føresetnad
  • God kjennskap til islamske rettstradisjonar og ei fleirfagleg bakgrunn er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, også på feltarbeid, og ha gode samarbeidsevner.
  • Kjennskap til afghansk historie og samfunn er ein føremon.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane blir det lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 481 800 brutto.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Prosjektet er knytt til CanCode-prosjektet (2020-2024) som skal undersøkja og teoretiserer endring i islamske lovtekster over tid, og ligger ved Universitetet i Bergen, kor det er et betydeleg akademisk miljø på islamsk lov og historie.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektomtale (inntil 5 sider/12.000 teikn) som inkluderer ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, og som utdjupar korleis ph.d.- prosjektet vil passe inn arbeidspakke 1 i prosjektet. Prosjektomtalen bør også innehalde refleksjonar rundt metodikk, gjennomføring og tilgang til data.
  • CV
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil 3 sider)
  • Relevante attestar
  • Framdriftsplan for prosjektet
  • Litteraturliste for prosjektomtalen
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga og ei full prosjektskisse kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om utforming av søknad her.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 06.06.2021

UiB-id: 21/5579

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS