Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i hydrotermale væske-bergart interaksjonar

Søknadsfrist: 02.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i hydrotermale væske-bergart-interaksjonar. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Det fjerde året vil bestå av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til K.G. Jebsen-senter for djuphavsforsking.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

K.G. Jebsen-senter for djuphavsforsking fokuserer på multidisiplinær forsking i arktiske område og organiserer årlege djuphavsekspedisjonar for å studere geologi og biologi ved midthavsryggar. Under desse forskingstokta blir det samla inn data og prøvar ved hjelp av moderne undervassfarkostar. Denne doktorgradsstillinga er retta mot omdanning og mineralisering av oseansk litosfære ved hydrotermale vass-bergart-reaksjonar.

Bergartar er fleirkomponentmaterialar som utviklar reaksjonsnettverk under infiltrering av reaktive væsker. Reaksjonsmekanismar, hastigheiter og utfall frå liknande komplekse reaksjonsnettverk er kjende frå biokjemiske studiar der dei avheng av regulering og/eller akselererande tilbakekoplingsmekanismar. Slike tilbakekoplingsmekanismar er stort sett lite utforska innan geovitskap.

Dette doktorgradsprosjektet tar sikte på å identifisera og kvantifisera tilbakekoplingsmekanismar under hydrotermal omdanning av den oseanske litosfæra ved hjelp av ei integrert tilnærming beståande av hydrotermale eksperiment, prøvetaking av havbotnen og tradisjonelle undersøkingar på land.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geokjemi eller andre relevant felt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med laboratoriearbeid og eksperimentelt arbeid inkludert fluid/fast stabil isotopanalyse er ein føremon.
  • Erfaring med sulfidsystem (f.eks. Ni, Cu) er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Andreas Beinlich, Institutt for geovitenskap, UiB, andreas.beinlich@uib.no, telefon: +47 915 45 517

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS