Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i fysisk oseanografi

Søknadsfrist: 29.02.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking er det ledig ei stilling som stipendiat i fysisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år med 25% pliktarbeid (undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d.-prosjektet vil fokusere på endring i vannmasser i dei Nordiske hava og Polhavet . Kandidaten vil studera mekanismea for utveksling mellom luft, hav og is som resulterar i danning av djupvatn i og nær sjøisen, eller hav med sjøis om vinteren (den marginale issonen). Eit hovudmål med ph.d.-prosjektet er å vurdera verknaden av tap av sjøis på djupvassdanninga i Grønlands- og Barentshavet og nord for Svalbard. Forbindelsen og mulig bidrag til den vertikale omveltningen i Nord-Atlanteren (Atlantic Meridional Overturning Circulation, AMOC) og varmetransport mot dei Nordiske hava og Arktis er hovudmotivasjon for det planlagte arbeidet.

Problemstillinga vil først og fremst løysast gjennom analyse av eksisterande og nye observasjonar, estimater av havtilstander, numeriske simuleringer (spesielt analyse av felt frå den norske jordsystemmodellen (Norwegian Earth System Model, NorESM), og teoretiske kunnskap. Dei tilgjengelege observasjonane er hydrografiske profiler frå skip, bøyar og autonome glidarar. Prosessane av interesse inkluderar åpen havkonveksjon, utveksling mellom luft, sjø og is, frysing av sjøis , grenselagsdynamikk og havet sin respons på atmosfærisk pådriv (vind og overflatefluksar).

Ph.d.-veiledere vil være professor Lars H. Smedsrud og dr. Kjetil Våge. Gjennom internasjonalt samarbeid, spesielt med amerikanske og britiske institusjonar, vil doktorgradsstudenten jobbe og samarbeide med aktive forskarar på prosesser i dei Nordiske hava og Polhavet. Det er venta at ph.d.-kandidaten er aktiv i dette samarbeidet, og deltar på internasjonale møte og konferansar, og er villig til å tilbringe nokre veker på tokt om bord på norske og internasjonale forskningsskip.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller liknande eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det vert kravd god kunnskap om fysiske prosessar i havet
  • Det er sterkt ønskeleg at kandidaten har erfaring med fysiske prosessar på høgre breiddegradar
  • Gode ferdigheiter i vitskapeleg programmering (for eks. Matlab, Python, Fortran) og numerisk modellering er ein føremon.
  • Erfaring frå feltarbeid på tokt så vel som dataprosessering og -analyse av hydrografiske data er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Ferdigheiter i eit av dei skandinaviske språka er ein føremon, og trengs fordi det er fleire aktive formidlingsprosjekt mot lokale videregåande skular.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • kopi av eventuelle tilgjengelege vitskaplege publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prof. Lars H. Smedsrud, e-post: lars.smedsrud@uib.no eller forskar Kjetil Våge, e-post: kjetil.vage@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS