LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i djuphavsmikrobiologi

Søknadsfrist: 25.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i djuphavsmikrobiologi

Ved Institutt for Biovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i mikrobiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til det eksternt finansierte prosjektet DeepSeaQuence, Noregs forskingsråd (NFR).

Om prosjektet

Stillinga er ein del av forskingsprosjektet DeepSeaQuence (Uncovering the metabolic secrets and capacity of Arctic deep-sea hydrotermal vent microbiomes), finansiert av MARINFORSK-programmet ved forskingsrådet. Kandidaten som får stillinga vil jobba med moderne DNA-sekvenseringsteknologier for å rekonstruera genomer kopla med transkriptomikk knytt til ukultiverte mikrobielle linjer, spesielt med tanke på nedbryting av karbohydrat i djuphavet. Eit kortare utanlandsopphald hos partnarar i DeepSeaQuence-prosjektet kan bli ei moglegheit. Som ein del av forskingsaktiviteten i Dyphavsbiologi-gruppen, kan det òg vera mogleg å delta på forskingstokt til den Arktiske midthavryggen.

Arbeidsoppgåver

  • DNA- og RNA-ekstraksjoner
  • Metagenomikk
  • Metatranskriptomikk
  • Rekonstruksjon av metabolske veger relatert til nedbryting av karbohydrat
  • Påvising og kartlegging av biosyntetiske genklynger

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i i mikrobiologi / bioinformatikk / molekylærbiologi eller andre relaterte felt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå bioinformatikk eit krav.
  • Erfaring med mikrobiell (meta) transkriptomikk er ein føremon.
  • Erfaring med å bruke Nanopore long-read sekvensering er ein føremon.
  • Erfaring med mikrobiell økologi er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga: Stillinga krev evner og motivasjon til å jobba sjølvstendig og engasjera seg i felles forskingsaktivitetar i Djuphavsbiologi-gruppa ved Institutt for iovitenskap, Universitetet i Bergen.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Runar Stokke, Institutt for Biovitenskap, Universitetet i Bergen. E-post: runar.stokka@uib.no, telefon: 55583833, eller
  • Professor Ida Steen, Institutt for Biovitenskap, Universitetet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS