Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i analytisk kjemi

Søknadsfrist: 14.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i analytisk kjemi

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i kjemi med fokus på metodeutvikling innan analytisk miljøkjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Av dette er 25% pliktarbeid – som vanlegvis er undervisning.

Stillinga er finansiert av UiB. Forskinga vil bli utført ved forskingsgruppa Marin toksikologi ved Havforskningsinstituttet sine fasilitetar på Nordnes i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d.-prosjektet vil vera ein del av eit større arbeid for å forstå effekten av råolje på fisk. Fisk vert utsett for mange giftige sambindingar, inkludert polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH), frigjort frå olje- og gassaktivitetar. Generelt vert slike sambindingar avgifta gjennom metabolisme og skilde ut frå organismen. For nokre sambindingar vert metabolittane likevel bioaktiverte, som fører til større toksisitet, eller dei vert bundne til DNA, som induserer genskadar. Slike DNA-addukt er funne i vill fisk som lever rundt oljeplattformar i Nordsjøen.

Dagens metodar som vert nytta til deteksjon av DNA-addukt er uspesifikke og kan ikkje identifisere kva miljøgifter som er ansvarlege for desse effektane. Det er derfor eit stort behov for å utvikle nye og meir spesifikke massespektrometriske analysemetodar. Målet for kandidaten vil vere å utvikle analysemetodar som først identifiserer, og seinare kvantifiserer, PAH-metabolittar og relaterte DNA-addukt ved bruk av væskekromatografiteknikkar og massespektrometri, inkludert Ion Mobility Quadrupole Time-of-Flight massespektrometri (IMS QToF).

Metodeutviklinga vil verte gjort på materiale som inkluderer fisk eksponert for individuelle PAH, råolje og produsert vatn frå oljeinstallasjonar. Kandidaten vil òg setja opp mindre eksperiment for å studere danninga og effekten av metabolitter og DNA-addukt i embryo og mikrosom frå lever.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med kromatografi og massespektrometri (GC-MS eller LC-MS) er eit krav.
  • Erfaring frå toksikologiske eksponeringstudium er ein fordel.
  • Gode kunnskapar i statistikk eller multivariat analyse og modellering er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Søkjarar må dokumentere norskkunnskapar (munnleg og skriftleg) tilsvarande CEFR nivå C1 eller betre.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Sonnich Meier, forsker, Marin toksikologi, Havforskningsinstituttet, Bergen. email: sonnich.meier@hi.no
  • Carey Donald, forsker, Marin toksikologi, Havforskningsinstituttet, Bergen. email: carey.donald@hi.no
  • Svein A. Mjøs, førsteamanuensis, Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen. email: svein.mjos@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS