LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i akustikk (4 år)

Søknadsfrist: 16.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i akustikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT), Universitetet i Bergen (UiB), er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i akustikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år med tilsetting frå 1. september 2021.

Stillinga er bevillingsfinansiert av UiB under SFI Smart Ocean - Senter for forskingsdriven innovasjon, med UiB/IFT som vertsinstitusjon.

Vi tilbyr ei mogelegheit til å delta i ei av dei leiande forskings- og innovasjonsklyngene innan marin instrumentering og operasjonar, i ei utfordrande og spanande tid for marint liv, miljø og observasjonsteknologiar. I eit konsortium av omlag 20 forskings-, industri- og offentlege partnarar fokuserer SFI Smart Ocean på fleksible og kost-effektive løysingar for overvaking og regulering av produktive og berekraftige sjø- og havområde.

Ph.d.-kandidaten vil arbeide i forskingsgruppa innan akustikk ved UiB/IFT som bygger på 55 års forsking innan eksperimentell, teoretisk og numerisk akustikk og for tida utgjer 27 personar (fast tilsette og emeriti, postdoktor, ph.d.- og mastergradsstudentar). Gruppa fokuserer på grunnforsking og samarbeider med eksterne partnarar innan applikasjonar, med aktive forskingsfelt som spenner over eit breitt område (eksempelvis elastiske bølgjeleiarar, ultralyd fiskal strømningsmåling av olje og gass, marin/fiskeri-akustikk, distribuert fiber-akustisk sensorteknologi, og material/væske-karakterisering). Gruppa er tett knytt til det nyetablerte SFI Smart Ocean - Senter for forskingsdriven innovasjon.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Dei sameinte nasjonane har initiert eit vitskapstiår med fokus på berekraftig utvikling av hav og marine miljø. Dette inkluderer nye metodar for monitorering av marine miljø og konstruksjonar. Ph.d.-prosjektet er del av det nye SFI Smart Ocean. Det overordna målet for senteret er å etablere eit trådlaust observasjonssystem for multiparameter-monitorering av undervassmiljø og -installasjonar, basert på eit fleksibelt og autonomt nettverk av smarte sensorar.

I motsetnad til elektromagnetiske og optiske bølgjer så kan akustiske bølgjer forplante seg over store avstandar i havet. Akustisk sensorteknologi representerer såleis basis for mange fjernmålingssystem for overvaking av aktivitet og marine organismar i havet. Akustiske sensorssystem er relevante for ulike typar havmonitorerings-problemstillingar, frå overvaking av integritet i havvindsturbinar og andre industrielle offshore-konstruksjonar, til skipstrafikk, innverknad av støy i havet på marint liv, og klimastudiar.

I seinare år har "Distributed Acoustic Sensing" (DAS) stått fram som ein teknologi for romleg høgoppløyseleg måling av akustiske signal og forstyrringar ved bruk av fiberoptikk. I tillegg til å mogeleggjere akustiske målingar over store lengdeskalaer, så er DAS spesielt interessant for applikasjonar i havet sidan ein potensielt kan utnytte optisk fiber som allereie fins på havbotnen, og på menneskeskapte strukturar.

Ph.d.-kandidaten vil arbeide med utvikling og forståing av fiberoptiske DAS - teknologiar for nye havapplikasjonar. Eit viktig element vil vere korleis ein kan bruke og utnytte eksisterande fiberoptisk infrastruktur som er i bruk for ulike formål (t.d. subsea kommunikasjonsnettverk). Prosjektet vil dekke aspekt som inkluderer utvikling og operasjon av NORCE-utvikla "Optoelectronic DAS Hardware", så vel som utvikling av dataprosesseringsteknikkar for tolking av store datastraumar i relevante DAS-system (~1 GB/s). I tillegg til arbeid med reelle DAS-data vil prosjektet også gjennomføre småskalaeksperiment i kombinasjon med matematisk og numerisk modellering. Desse aktivitetane vil bidra til å forbetre den fundamentale forståing av dei fysiske mekanismane som er involvert i fiberoptisk deteksjon av akustiske signal frå ulike kjelder i havet.

Ph.d.-arbeidet vil bli gjennomført i eit samarbeid med partnarane i senteret, med bi-rettleiing ved NORCE og Tampnet. Kandidaten blir forventa å delta i rettleiing av mastergradsstudentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk eller tilsvarande disiplin, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Gode kvalifikasjonar innan målefysisk laboratoriearbeid som involverer innsamling og prosessering av elektroniske signal, er eit krav.
  • Gode kvalifikasjonar innan programmering er eit krav, t.d. ved bruk av MATLAB, Python, LabVIEW.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelsk-kunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område er ein fordel:

  • Gode kunnskapar i akustikk (fortrinnsvis ultralyd).
  • Gode kunnskapar innan ultralyd laboratorie- og/eller feltmålingar.
  • Gode kunnskapar i numerisk modellering innan akustikk.
  • Gode kunnskapar innan optoelektroniske system og sensorar, spesielt distribuerte sensorsystem.
  • Erfaring frå endeleg-element-modellering av akustisk bølgjeforplantning i faste stoff og væskemedia (utvikling, bruk, eller begge deler), t.d. ved bruk av COMSOL Multiphysics.
  • Erfaring frå matematisk/numerisk modellering av akustisk forplantning i elastiske bølgjeleiarar (t.d. lagdelte faststoff/væske-strukturar, "Guided Ultrasonic Waves" (GUW)).
  • Erfaring frå modellering og dataanalyse relatert til "Distributed Acoustic Sensing" (DAS).
  • Gode kunnskapar innan digital signalbehandling.
  • Gode norskkunnskapar.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiatSamla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr. 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar.
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt pr. epost vil ikkje bli evaluerte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Per Lunde, Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, e-post: per.lunde@uib.no, tlf. +47 99493901; eller
  • Seniorforskar Peter J. Thomas, NORCE, e-post: peth@norceresearch.no, tlf. +47 91131378

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket kan gjelde ved behandling av søknadar til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS