LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i akustikk - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Søknadsfrist: 16.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i akustikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT), Universitetet i Bergen (UiB), er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i akustikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år med tilsetting frå 1. september 2021. Stillinga er finansiert av Norges Forskningsråd.

Vi tilbyr ei mogelegheit til å delta i eit verdsleiande forskings- og innovasjonsmiljø innan ultralyd fiskal strømnings- og energimåling av gass, med 40 års historikk på dette fagområdet.

Ph.d.-kandidaten vil arbeide i forskingsgruppa innan akustikk ved UiB/IFT, som bygger på 55 års forsking innan eksperimentell, teoretisk og numerisk akustikk og for tida utgjer 27 personar (fast tilsette og emeriti, postdoktor, ph.d.- og mastergradsstudentar). Gruppa fokuserer på grunnforsking og samarbeider med eksterne partnarar innan applikasjonar, med aktive forskingsfelt som spenner over eit breitt område (eksempelvis elastiske bølgjeleiarar, ultralyd fiskal strømningsmåling av olje og gass, marin/fiskeri-akustikk, distribuert fiber-akustisk sensorteknologi, og material/væske-karakterisering). Gruppa er tett knytt til det nyetablerte SFI Smart Ocean - Senter for forskingsdriven innovasjon.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d.-kandidaten skal arbeide under prosjektet "Subsea gas energy and quality measurement using ultrasonic flow meters”, med UiB som prosjektleiar. Prosjektet er eit samarbeid mellom UiB, NORCE og Høgskulen på Vestlandet (HVL) i samarbeid med prosjektet si industrielle referansegruppe (Equinor og Gassco), finansiert av Norges forskningsråd.

Olje- og gassindustrien går i retning av fiskalmåling av gass på havbotnen ("subsea"). Prosjektet skal utvikle nødvendig vitskapleg basis til å mogeleggjere sporbar gass-energi og -kvalitetsmåling under aktuelle "subsea"-tilhøve, for å redusere utfordringane som denne industrien i samarbeid med nasjonale myndigheiter står overfor i den planlagde introduksjon av ny ultralyd fiskal måleteknologi på havbotnen.

Ph.d.-kandidaten skal arbeide under arbeidspakken WP3, “VOS cell technology for high pressure natural gas characterization" (VOS = sound velocity). I ph.d.-arbeidet er målsetjinga å konstruere, teste og eksperimentelt verifisere ein laboratorieprototyp av eit instrument ("VOS cell") for høgpresisjonsmåling av lydfart i gass under trykk i nedre del av hundre-kHz frekvensbandet. Dette inkluderer (i) design, endeleg-element-modellering og konstruksjon av ultralyd-transdusarar for operasjon i gass under trykk, (ii) utvikling av korreksjonsmetodar for systematiske gangtidsbidrag knytt til akustisk nærfelts-diffraksjonskorreksjon og bølgjerefleksjon, og (iii) estimering av måleusikkerheit for instrumentet. Eksperimentell testing av laboratorieprototypen vil bli gjennomført med aktuelle gassar ved atmosfæriske og høgtrykksforhold. Måleinstrumentet vil utgjere eit hovudelement i det vitskaplege grunnlaget som er nødvendig for å oppnå sporbar kalibrering av lydfartsmålingar i ultralyd strømningsmålarar for allokeringsmåling av gass under aktuelle "subsea"-tilhøve. Ph.d.-arbeidet vil ta utgangspunkt i tidlegare arbeid på dette feltet, internasjonalt og i forskingsgruppa.

Kandidaten vil samarbeide tett med ein annan ph.d.-kandidat tilsett under same prosjekt, som har fokus på 3D numerisk endeleg-element-modellering av elektroakustisk signalforplantning i ei lydfartscelle av denne type. Ph.d.-arbeidet vil bli gjennomført i samarbeid med prosjektpartnarane, herunder medrettleiing ved NORCE og HVL, med arbeidsstad UiB og NORCE. Kandidaten blir forventa å delta i rettleiing av mastergradsstudentar i akustikk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk eller tilsvarande disiplin, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Gode kvalifikasjonar innan målefysisk laboratoriearbeid som inkluderer innsamling og prosessering av elektroniske signal, er eit krav.
  • Gode kvalifikasjonar innan programmering er eit krav, t.d. ved bruk av MATLAB.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelsk-kunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område er ein fordel:

  • Gode kunnskapar i akustikk (fortrinnsvis ultralyd).
  • Gode kunnskapar innan ultralyd laboratorie- og/eller feltmålingar
  • Gode kunnskapar i numerisk modellering innan akustikk.
  • Erfaring frå konstruksjon, karakterisering og modellering av piezoelektriske ultralyd-transdusarar.
  • Erfaring frå endeleg-element-modellering av akustisk bølgjeforplantning i faste stoff, væsker og gassar (utvikling, bruk, eller begge deler).
  • Gode kunnskapar innan digital signalbehandling.
  • Gode norskkunnskapar.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat:

Samla stipendperiode er 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr. 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt pr. epost vil ikkje bli evaluerte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Per Lunde, Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, e-post: per.lunde@uib.no, tlf. +47 99493901

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket kan gjelde ved behandling av søknadar til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS