Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat - Institutt for sosialantropologi

Søknadsfrist: 17.02.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskaplige fakultet består av syv institutt og tre sentre. Les mer om fakultet og tilhørende institutt.

Ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat i 4 år. 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Instituttet er eit av dei største sosialantropologiske fagmiljøa i Europa, med for tida 14 fast vitskapeleg tilsette, 5 postdoktorstipendiatar og 22 ph.d.-stipendiatar. Tilsette og stipendiatar driv forsking og feltarbeid i dei fleste delar av verda, og er heim for fleire større forskingsprosjekt. For vidare detaljar visar vi til instituttet sine nettsider, http://www.uib.no/antro. Instituttet gir undervisning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiatstillinga vert utlyst på eit fritt vitskapeleg grunnlag utan geografiske eller tematiske føringar, og søkarar vert oppmoda til å utforme eit originalt prosjektforslag som vender seg til aktuelle teoretiske agendaer i faget. Prosjektforslaget bør springe ut av eigne forskingsinteresser, og kan gjerne være ei vidareføring av eigne tidlegare studiar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i sosialantropologi eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vera oppnådd innan søknadsfristen.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilhet.
  • Du må vere sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og ha entusiasme for forsking.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Aktuelle kandidatar vil bli invitert til intervju.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om ph.d.-utdanninga:Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ein normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanninga må normalt svare til ein mastergrad på 120 studiepoengs omfang som bygger på en bachelorgrad på 180 studiepoengs omfang (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoengs (5 års) omfang. I mastergraden skal det normalt inngå et sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt være innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 54 (st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 479.600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Prosjektskildring: Kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Inntil to publikasjonar, ei av dei skal vere masteroppgåva
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknaden må merkast: 20/599

Søknadsfrist: 17. februar 2020

Søknader utan prosjektskisse eller søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgjevar Anita Helen Spurkeland, e-post Anita.Spurkeland@uib.no, eller tlf. 55 58 90 58.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Nærare opplysningar om ph.d.-utdanninga kan ein finna på https://www.uib.no/svf/38045/forskerutdanning-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultet. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar Hanne Gravermoen, e-post: Hanne.Gravermoen@uib.no, eller tlf. 55 58 90 68.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS