LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat - Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Søknadsfrist: 18.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Instituttet har ein profil som eit statsvitskapleg fag basert på i organisasjonsfagleg tilnærming til studiet av offentleg politikk, offentleg administrasjon og politiske institusjonar. Før du skriv søknaden og prosjektskildringa bør du sjå nærare på forskingsprofilen til instituttet og særleg på dei fire forskingsgruppene og dei forskingsprosjekta som er tett relaterte til deira respektive fokusområder, sjå lenken.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i statsvitskap, offentleg forvaltning eller tilsvarande samfunnsfag, med relevansfor instituttet sin faglege profil. Graden må vera avlagt innan søknadsfristen.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og formastergraden totalt.
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og ha entusiasme for forsking.
  • Du må meistre engelsk skriftleg og munnleg.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om ph.d.-utdanninga:

Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 54 (st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 482 200 brutto.Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Om prosjektet:

  • Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden.
  • Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode.
  • Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet.
  • Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida.

Søknadsfrist: 18.05.2021.

Søknaden må merkast: 21/4230

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar, Hanne Cappelen: hanne.cappelen@uib.no

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar, Hanne Gravermoen: Hanne.Gravermoen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS