Stilling:

Stipendiat ved Senter for vitskapsteori

Søknadsfrist 4. november 2018

Ved Senter for vitskapsteori er det ledig ei stilling som stipendiat innan samfunnsmessige og humanistiske aspekt ved klimatilpassing. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år med oppstart 1.1.2019 der det første året er knytt til prosjektet CoCliServ (Co-development of place-based climate services for action), og dei tre siste åra er knytt til prosjektet CALENDARS (Co-production of Seasonal Representations for Adaptive Institutions).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Desse prosjekta driv nybrottsarbeid innan tverrfagleg forsking på korleis lokalsamfunn tenkjer om og taklar endringar i klimaet der dei bur. CoCliServ samarbeider med folk i Bergen for å utvikle kunnskap som er konkret og meiningsfylt for deira klimatilpassing. Prosjektet er del av eit større europeisk samarbeidsprosjekt der kreative tilnærmingar som kunst, medborgarforsking og scenario workshops står sentralt. CALENDARS skal undersøkje korleis raske årstidsvariasjonar påverkar ulike institusjonar i Norge og New Zealand, og spør om vår forståing av årstidene samsvarar med det vi faktisk opplever under klimaendringar.

Stillinga vil gi verdfull erfaring, kompetanse og kvalifikasjonar for dei som ynskjer ei karriere innan forsking eller anna karriere knytt til klimatilpassing.

Arbeidsoppgåver:

Kandidaten vil fungere som forskingsassistent på det ERA4CS-finansierte CoCliServ-prosjektet (http://www.cocliserv.cearc.fr ) dei første 12 månedane, og vil bidra til å gjennomføre prosjektoppgåver i Bergen under rettleiing av dr. Scott Bremer og professor Jeroen van der Sluijs. Dette vil gi kandidaten praktisk erfaring med forskingsmetodar innanfor feltet.

CoCliServ-arbeidet vil førebu kandidaten til å utføre sitt eige treårige ph.d.-prosjekt som vil vere ein del av det prestisjetunge ERC-finansierte CALENDARS-prosjektet. Kandidaten skal utvikle sitt eige prosjekt innanfor dei tematiske og komparative rammene til CALENDARS-prosjektet. Kvalitative metodar vert føretrekte. Hovudrettleiar vil vere dr. Scott Bremer.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad eller tilsvarande i eit relevant fagområde innan samfunnsfag eller humaniora, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Søkarar med ein tverrfagleg bakgrunn eller erfaring vert oppmoda til å søkje. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Senteret vil kunne sende dokumentasjon av utanlandsk utdanning til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.
  • Erfaring med kvalitative forskingsmetodar, inkludert etnografi, intervju og diskursanalyse er ei føremon, så vel som erfaring med klima-relaterte tema.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner, og må kunne samarbeide med kollegaer frå ulike disiplinar og kulturar.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Nytte eit skandinavisk språk

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 100 % tida er forskingsbasert. Der er ingen undervisning eller administrative oppgåver utover det som er knytt til prosjekta. Det meste av arbeidet vil gå føre seg i Bergen, og det er forventa at kandidaten vil bu i området og delta i dei daglege aktivitetane ved senteret og i prosjektgruppa til CALENDAR. Kandidaten må også rekne med å ha omlag ein månads opphald på New Zealand kvart år.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal kandidaten delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Ein endeleg plan for gjennomføring av opplæringsdelen må vere godkjent av fakultetet innan tre månadar etter oppstart. Det er ein føresetnad at kandidaten fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB, kan ikkje søkje.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg
  • 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 00 brutto.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk i Jobbnorge via lenkja «SØK STILLINGEN»

Søknaden skal innehalde:

  • Ei utfyllande utgreiing (4-5 sider) om (i) søkjaren sine motivasjon for å søke stilling; (ii) kva søkjaren vil bidra med i prosjekta CoCliServ og CALENDARS; og (iii) dine forskingsinteresser og korleis dei vil passe inn i rammene for prosjekta. Kontakt Scott Bremer for meir informasjon om CALENDARS.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Scott Bremer, Senter for vitskapsteori, UiB, 55 58 29 85, scott.bremer@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no

Søknaden skal merkast: 18/11568

Søknadsfrist: 04.11.2018

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS