Stilling:
Stipendiat innan utdanningsforsking ved bioCEED, Senter for framifrå utdanning i biologi
Søknadsfrist 12. august 2018
Ved Institutt for biovitskap (BIO) (http://www.uib.no/bio), er det ledig ei stilling som stipendiat innan utdanningsforsking, knytt til matematikk i biologiutdanningane. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, knytt til Senter for framifrå biologiutdanning (bioCEED).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
bioCEED utviklar, testar, og tar i bruk nye studentaktive læringsformer i biologi. Senteret utvikler studentaktive felt- og laboratorieundervisning, og samarbeid mellom forsking, næringsliv, forvaltning og utdanningssektoren om å få meir praksis inn i utdanningane. bioCEED har som mål at studentane gjennom biologiutdanninga skal utvikle grunnleggjande vitskapleg dugleik og haldningar, samtidig som dei vert budd på å løyse viktige problem i vitskap, industri, næring og samfunn. Eit viktig satsingsfelt for bioCEED er å utvikle gode modellar for integrering av generelle ferdigheiter og kunnskapar, og å bygge ein god progresjon i desse ferdigheitene og kunnskapane gjennom biologistudiet.
Stipendiaten vil jobbe med:
- utvikling og testing av nye metodar og læringsverktøy for integrering av matematikk, statistikk, og modellering i biologiutdanningane.
- delta i utvikling av studentaktive metodar og læringsverktøy for integrering av matematikk, statistikk, og modellering i biologiutdanningane, i samarbeid med andre samarbeidspartnarar i prosjektet
- teste effektar av desse verktøya på studentanes motivasjon og læringsutbytte.
- utvikle og teste sine egne problemstillingar og hypotesar knytt til desse studia
- analysere data og skrive og publisere vitskaplege artiklar
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i biologi, matematikk, pedagogikk, eller realfagdidaktikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring frå undervisning, utvikling av undervisningsmateriell, utdanningsfaglig kompetanse og/eller vurdering av læring og læringsutbytte er ein føremon.
- Gode matematikkunnskapar
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
- Gode engelsk- og norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- søknadsbrev med ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
- eit perspektivdokument (maksimalt 2 sider) der du gjer greie for dine forskingsinteresser inn mot stillinga.
- namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
- relevante attestar
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- eventuelle publikasjonar, inkludert masteroppgåve og innsendte manuskript
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Senterleiar professor Vigdis Vandvik (vigdis.vandvik@uib.no, telefon +47 47301794) eller
- Førsteamanuensis Sigrunn Eliassen (sigrunn.eliassen@uib.no)
Institutt for biovitskap, Universitetet i Bergen
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Søknadsfrist: 12.08.2018
Web: www.uib.no
Kontakt: Professor Vigdis Vandvik (Senterleiar)
Telefon: +47 47301794
E-post: vigdis.vandvik@uib.no
Kontakt 2: Førsteamanuensis Sigrunn Eliassen
E-post: sigrunn.eliassen@uib.no