Stilling:

Stipendiat i rein matematikk

Søknadsfrist 1. september 2018

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i rein matematikk frå september 2018. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år.

Stillinga er knytt til prosjektet «Ren matematikk i Norge», finansiert av Bergens forskningsstiftelse (Matematikkprogrammet) og Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Dette er ei utdanningsstilling som skal gi lovande kandidatar ei forskarutdanning på høgt nivå og føre fram til doktorgrad innan eit av forskingsområda i rein matematikk som er representerte ved instituttet. Desse områda er: algebra og strukturelle metodar i utrekningsorientert matematikk; algebraisk geometri; analyse og PDE; og topologi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i matematikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 30. september 2018. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som omfattar pliktarbeid (til dømes undervising) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervising, og vil verte avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 ) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysingar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • dersom du ennå ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 30. september 2018.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Sigmund Selberg, e-post: sigmund.selberg@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS