Stilling:

Stipendiat i klimadynamikk

Søknadsfrist 12. november 2018

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i klimadynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med 25 % av tida beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til samarbeidet mellom Universitetet i Bergen og University of the South Pacific på Fiji.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Klimaendringane har uforholdsmessig stor påverknad på Sør-Stillehavet. Samstundes er det store usikkerheiter i klimaframskrivingane i denne regionen, og dette hindrar gjennomføring av tilpassingstiltak. Målet med denne stillinga er å forbetre vår forståing av korleis global oppvarming kan forandre ukentlig-til-sesongmessig klimavariabilitet og ekstremvær. Stillinga vil gå ut på å analysere data frå observasjonar og klimamodellar. Tilnærminga til problemet vil vere klimadynamisk og vi vil utvikle eit mål for tilbakekoplingsmekanismar og prosessar som kontrollera regionalt klima. Slik vil vi frambringe kunnskap som trengs for å avgrense globale oppvarmingsmønstra som oppstå på grunn av variasjonar på kortare tidsskala.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i matematikk, fysikk, meteorologi, oseanografi, klimadynamikk eller liknande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring med programmering (for eks. Matlab, Python, Fortran eller liknande) er eit krav
  • Det er ein fordel med solid bakgrunn i matematikk eller fysikk, så vel som erfaring frå tropisk klima og meteorologi
  • Det er ein fordel med erfaring frå analyse av store klima datasett og bruk av grafisk plottingsprogramvare (NCL, Matlab, Ferret, GRADS eller liknande)
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Noel Keenlyside.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS