Stilling:

Stipendiat i kvartærgeologi

Søknadsfrist 1. august 2018

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i kvartærgeologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervising).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stipendiatstillinga er retta inn mot å auke kunnskapen om flaumar og ekstremhendingar på Sørlandet. Det skal utførast kartlegging av flaumutsette vassdrag og det skal samlast inn sedimentkjernar frå innsjøar. Ein tek sikte på å rekonstruere flaumfrekvens gjennom Holosen basert på studiar av sedimentkjernar ved bruk av instrumentparken på EARTHLAB. I kartleggingsarbeidet skal det nyttast lidar-data og 3D-høgdedata samla inn med dronar og elles andre geomatikk-relaterte metodar. Prosjektet vil verte gjennomført i tett dialog med aktuelle samfunnsaktørar som NVE, kraftbransjen og forsikringsselskap. Ein viktig målsetnad med prosjektet er å sikre at dei geologiske dataa som vert samla inn, vert kommuniserte til potensielle sluttbrukarar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i kvartærgeologi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå analyse og tolking av sedimentkjernar og bruk av lett seismiske tolkeprogram, er ein føremon.
  • God kunnskap om relevante kvartærgeolgiske og sedimentære prosesser er ein føremon.
  • Erfaring frå analyse og tolking av tidsseriar er ein føremon.
  • Erfaring med ArcGIS og programmer som CorelDraw/Adobe Illustrator er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege norsk- og engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn kr. 449 000,- etter hovudtariffavtalene i staten
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Jostein Bakke, Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, +4755583503, epost: Jostein.Bakke@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS