Stilling:

Stipendiat i eksperimentell kjernefysikk / medisinsk fysikk

Søknadsfrist 20. august 2018

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i eksperimentell kjernefysikk/medisinsk fysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er knytt til prosjektet «Clinical prototype of a proton CT based on a tracking calorimeter», finansiert av Noregs forskingsråd og Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til gruppene i eksperimentell kjernefysikk og mikroelektronikk ved Institutt for fysikk og teknologi. Den som blir tilsett skal arbeide med prosjektet «Clinical prototype of a proton CT based on a tracking calorimeter». Målet med prosjektet er å utvikle ein bildemodalitet basert på data frå proton CT for doseplanleggjing, verifikasjon av posisjon og av doseavsetjing i partikkelterapi. Den nyutvikla prototypen for (pre-)klinisk proton CT er ei kompakt kombinert eining sett saman av detektorar for rekonstruksjon av spor og eit kalorimeter. Tre-dimensjonal spor-rekonstruksjon blir utført med fleire lag av silisiumdetektorar (MAPS-teknologi), med absorbatorlag mellom detektorlaga. Takk vere eit særs høgt tal utlesingspunkt, vil eininga kunne handtere høg partikkelmultiplisitet, og gjev derved eit gjennombrot i evne til å handtere høge partikkelratar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Haukeland Universitetssjukehus, Høgskulen på Vestlandet og internasjonale partnarar. Det er fleire master- og ph.d -studentar knytte til prosjektet. Den som blir tilsett skal bidra til konstruksjon, integrasjon og idriftsetjing av systemet. Stillinga er basert i Bergen, men den som blir tilsett må rekne med opphald på samarbeidande institutt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i ekseperimentell kjernefysikk, detektorfysikk eller instrumentering, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå arbeid innan instrumentering for kjernefysikk (særskilt silisiumdetektorar) og/eller design/konstruksjon av kompliserte instrument er eit krav for stillinga.
  • Søkjarar som har ekspertise i karakterisering av silisiumbaserte pikselsensorar vil ha ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter kroner 449 400,- brutto per år (kode 1017 ) etter hovudtariffavtalene i staten ved tilsetjing.Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Dieter Røhrich, Institutt for fysikk og teknologi, +47 55582722, dieter.rohrich@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Powered by Labrador CMS