LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i berekningsbiologi relatert til akvakultur bioteknologi

Søknadsfrist: 23.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i berekningsbiologi relatert til akvakultur bioteknologi

Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i berekningsbiologi/systembiologi relatert til akvakultur bioteknologi/mikrobiell økologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år med pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen og er knytt til eining for Berekningsbiologi (CBU).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Ph.d.-prosjektet blir ein del av eit internasjonalt forskingsprosjekt: "A microbial toolbox for RAS production and innovation (RAS-TOOLS)". Prosjektet knyter saman grunnforsking og bruksforsking med eit overordna mål om å få meir kunnskap om samanhengar mellom biologiske og kjemiske prosessar i resirkulerings-oppdrettsanlegg (RAS). RAS er ein veksande industri i Noreg og ellers i verda. For at denne industrien skal bli berekraftig i fremtida treng vi ei meir heilskapleg forståing av korleis ulike biologiske og kjemiske prosessar heng saman. Spesielt viktig er det å forstå korleis ein kan oppretthalde eit velfungerande mikrobielt biofilter og god vasskvalitet ved slike anlegg. Stipendiaten vil vere involvert i å utvikle og analysere matematiske modellar av dynamikken mellom kjemiske og biologiske parametrar i RAS og å evaluere desse modellane gjennom eksperiment i småskala pilot RAS-system, og monitrering av storskala industrielle RAS-system.Studenten vil vere del av eit internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid. Vi ser etter ein ph.d.-student med sterk motivasjon for å knyte saman modellering og ‘"-omics"-teknologi for å finne svar på grunnleggjande spørsmål knytt til dynamikken av mikrobiologiske samfunn i RAS.

Arbeidsoppgåver

  • Lage og analysere matematiske modellar sentrert rundt å analysere samanhengar mellom parametrar som til dømes tilførsel av organisk materiale (fiskefór), metabolsk aktivitet til fisk (til dømes O2 forbruk; CO2 og NH4+ produksjon), mikrobiell aktivitet (til dømes forbruk av CO2 og NH4+ og organisk sambinding), pH, alkalinitet, okygentilførsel med meir.
  • Bioinformatisk analyse av metatrankriptomar og metagenomar.
  • Statistisk analyse av korleis ulike miljøparametrar påverkar mikrobiell diversitet og aktivitiet.
  • Evaluering av modellar basert på biologiske og kjemiske data.

Ein detaljert plan av studenten sine arbeidsoppgåver vil verta laga i samarbeid med studenten og vil avhenge av studenten sine kvalifikasjonar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i mikrobiologi, berekningsbiologi, systembiologi, bioteknologi, biofysikk, matematikk, kybernetikk, ingeniørfag eller liknande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med matematisk modellering og programmering er eit krav.
  • Erfaring med eit eller fleire av følgjande tema er ein føremon: metagenomikk og metatranskriptomikk (helst med data frå mikrobielle samfunn), statistikk/multivariant analyse, rekonstruksjon av metabolske nettvert (helst basert på mikrobielle genom), berekningsorientert fluidynamikk.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år med pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.Om forskarutdanningaSom stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 482 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • godkjent dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS