Stilling:

Stipendiat (Institutt for økonomi)

Søknadsfrist: 15. august 2018

Ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat i samfunnsøkonomi. Stillinga er knytt til prosjektet ”Ikkje frisk nok eller ikkje flink nok? Verknadane av helsetilstand og kvalifikasjonar på faren for å falla ut av skule og arbeidsliv”, finansiert av Norges forskingsråd.

Om prosjektet:

Prosjektet analyserer samspelet mellom helse, kvalifikasjonar og arbeidsmarknadsutfall innanfor to ulike rammer: (i) For sysselsette som opplever omstilling i jobben, blir det studert kva eigenskapar (helse og kvalifikasjonar) som er avgjerande for korleis omstillingane blir meistra. (ii) for ungdom som er i ferd med å tileigna seg formell kompetanse for arbeidslivet, blir det undersøkt kva faktorar som er avgjerande for å lykkast, både på̊ skule og i arbeid. Prosjektet er organisert i fem arbeidspakkar (AP).

AP1: Analyserer helse, sjukefråvær og pensjonering for tilsette som blir omfatta av auka konkurranse samanlikna med kollegaer som ikkje blei berørt; begge grupper observert før og etter omorganiseringa.

AP 2 Analyserer betydinga av helse på sannsynligheten for å forlata arbeidsstyrken i en periode med nedbemanning i petroleumssektoren.

AP 3-5: Analyserer årsaker og konsekvensar av å droppa ut frå skulen ved å studera tre forhold som kan bidra til å forklara denne åtferda; Nyføddhelse, skulekvalitet og sjansen for å bli tilbydd lærlingeplass. I neste steg utnyttast variasjonen i dropout som blir forårsaka av desse prediktorane til å rekna ut verknaden av dropout på utfall som mental helse, trygd og fråfall frå arbeidslivet.

Fleire detaljar om prosjektet kan ein få ved å konStakta prosjektleiar (sjå kontaktopplysningar annan stad i denne annonsen).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i samfunnsøkonomi eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Søkjarar som fullfører mastergrad innan utgangen av juni, kan søkja. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilhet.
  • Søkjaren må kunna arbeida sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Stor arbeidskapasitet og ha entusiasme for forsking
  • Nytta engelsk skriftleg og munnleg

Det er ein fordel med spesialisering innan mikroøkonometri.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking,undervisning og formidling. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ein normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanningsbakgrunnen må minst svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusive ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve. Mastergraden skal være innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Vi kan tilby:

  • Løn etter lønssteg 50 (Lpl.17.515, st. kode 1017, LR20.8) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr.436.900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Prosjektet:

Kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal liggja føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode, innfor den tematiske ramma til NFR-prosjektet som stipendet er finansiert av. Skildringa skal innehalda framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til forskarutdanninga.

Søknaden skal innehalda:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkja stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, kan du bli beden om å senda inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida «Søk på jobben».

Søknaden må merkas: 18/6659

Søknadsfrist: 15. august 2018

Søknader utan prosjektskisse eller søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Generell informasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Kjell Vaage (prosjektleiar), epost kjell.vaage@uib.no, eller tlf. 55 58 92 06 / 908 52 830.

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Anita Helen Spurkeland, epost anita.spurkeland@uib.no, eller tlf. 55 58 90 58.

Den som vert tilsett, vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om forskarutdanninga kan ein finna på http://link.uib.no/?TnwW. Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til seniorkonsulent Hanne Gravermoen, e-post hanne.gravermoen@uib.no, eller tlf. 55 58 90 68.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på jobben

Søknadsfrist: 15.08.2018

Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Kjell Vaage (Prosjektleiar)

Telefon: 55 58 92 06 / 908 52 830

E-post: kjell.vaage@uib.no

Kontakt 2: Anita Helen Spurkeland (Seniorkonsulent)

Telefon: 55 58 90 58

E-post: anita.spurkeland@uib.no

Powered by Labrador CMS