LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET
Stipendiat i teiknspråk og tolking
Søknadsfrist: 29.12.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som stipendiat i teiknspråk og tolking ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Stillinga er retta mot Fakultetets strategiske satsing på teiknspråk og tolking, og vil bidra til å styrke norsk teiknspråk (som er eit nasjonalt satsingsområde) og tolking på tvers av språk og kultur.
Det er behov for meir kunnskap om døve immigrantar. Stillinga inneberer gjennomføring av eit prosjekt som skal undersøke kommunikasjon med døve immigrantar i Noreg med tanke på deira teiknspråk og kultur, innkludering, og behov og erfaring med bruk av tolk. Prosjektet krev metodemangfold med vekt på observasjon og dybdeintervju. Målet er å belyse kva moglegheiter og barrierar døve immigrantar møter som ny i det norske samfunnet. Denne kunnskapen vil vere verdifull for tolkar, tolkestudentar og for ulike offentlege instansar som møter døve immigrantar i sitt virke.
Stillinga lysast ut over 3 år utan pliktarbeid. Stipendiaten vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø innafor teiknspråk og tolking, forskargruppa "Teiknspråk, tolking og kommunikasjon", det strategiske forskingsprogrammet "Språk, Kommunikasjon og Læring" (SKoL), og Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Stipendiaten vil ha sin arbeidsstad/tilknyting til Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen.
Stipendiaten må bli tatt opp ved doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Nærare informasjon om doktorgradsprogrammet finst på (https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiskepraksisar/)
Ansvars- og arbeidsområde:
I tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet er det forventingar om at kandidaten:
- Deltek konstruktivt in forskargruppe Teiknspråk, tolking og kommunikasjon
- Samarbeider med andre pågåande forskingsprosjekt og andre forskarar ved HVL på dette feltet
- Presentere eiga forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert på nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar og tidsskrift
Kvalifikasjonskrav:
Mastergrad relevant for fagområdet teiknspråk og tolking må vere oppnådd ved søknadsfristen. Dette kan for eksempel vere master innan språk, kommunikasjon, lingvistikk og samfunnsarbeid (men er ikkje avgrensa til dei). Søkarar med mastergrad frå andre fag som kan dokumentere god kjennskap til tematikken i utlysinga, t.d. gjennom fagleg vinkling på masteroppgåva, kan og vurderast som kvalifiserte.
Følgjande kvalifikasjonar vil bli særskilt vektlagt:
- Faglege kvalifikasjonar innan for det utlyste området, med hovudvekt på kvalitet i masteroppgåva
- Metodiske kvalifikasjonar
- Den førebelse prosjektskissa
- Kompetanse i teiknspråk
- Eventuelle vitskaplege publikasjonar kan og bli vektlagt
Ønska kvalifikasjonar:
- Har god kjennskap til teiknspråk og kommunikasjon på tvers av landegrenser
- Har erfaring med gjennomføring av større forskingsprosjekt
- Har både kvalitativ og kvantitativ metodekunnskap
- Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga
Personlege eigenskaper:
- God evne til munnleg/teiknspråkleg og skriftleg kommunikasjon
- God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
- God samarbeidsevne
- Evne til å ta initiativ
- Kommuniserer særs godt på norsk og teiknspråk og godt på engelsk
- Høgt etisk medvit i møte med informantar er påkravd
Søkjarar må leggje ved ei prosjektskildring på inntil 6 sider som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, sjølvvald problemstilling, og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Denne prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdanning vil seinare bli uforma i samråd med rettleiarar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter tilsetting. Prosjektskildringa skal vere godkjend av høgskulen seinast 3 månader etter at ein er teke til i stillinga. Normalt tek programmet berre opp kandidatar med karakter A eller B på mastergraden.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut ifrå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen utgår. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Dette vil vere masteroppgåva/hovuedfagsoppgåva og inntil 5 vitskaplege arbeid ein ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektskildring, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har teke imot søknaden din.
Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse,inntil 5 vitskapelege arbeid. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalg/råd ved Høgskulen på Vestlandet.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til einskildpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
- Moglegheiter for trening i arbeidstida
Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon:
Me gjer merksam på at i samsvar med ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren verte gjort offentleg, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjara vil verte varsla om slik førespunad ikkje vert tatt til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå einbalansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Instituttleder Kristin Hinna, telefon: +47 55 58 59 40, e-post: [email protected]
2) Førsteamanuensis Gro Hege Saltnes Urdal, telefon: +47 55 58 59 61, e-post: [email protected]