Seniorrådgjevar (prosjektadministrasjon) - Det matematisk - naturvitskapelege fakultet
Søknadsfrist: 21.03.2021
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorrådgjevar (prosjektadministrasjon)
Vi er på utikk etter den rette personen til ei nyoppretta fast stilling som seniorrådgjevar innan prosjektadministrasjon. Stillinga er knytt til UiB sin strategiske marine satsing, som vert forvalta av Det matematisk-naturvitskapelege fakultet. Det er ønskeleg med snarleg oppstart i stillinga.
Dei fem første åra vert stillinga knytt til eit institusjonsomfattande karriere- og mobilitetsprogram for 37 postdoktorar innan marin berekraft, som ”vice programme manager”, men også andre oppgåver vil kunne påreknast. Programmet er støtta av EU sitt forsking- og innovasjonsprogram Horisont 2020 gjennom COFUND-ordninga under Marie Skłodowska-Curie Actions (H2020-MSCA-COFUND).
Hovudarbeidsoppgåvene i stillinga er støttefunksjonar og løypande administrasjon av programmet SEAS - Shaping European Research Leaders for Marine Sustainability, under leiing av ein project manager og ein project coordinator.
Arbeidsoppgåver
Seniorrådgjevaren skal støtte programleiinga og annan programorganisasjon i alle delar av koordineringa av SEAS-programmet.
Oppgåvene omfattar følgande:
Hovudansvar for å koordinere og kvalitetssikre prosessane for rekruttering av postdoktorar til programmet.
Informasjon og tilrettelegging for søkjarar, rettleiarmiljø, programpartnarar og evaluatorar.
Intern- og eksternkommunikasjon om programmet (spesielt via prosjekt-websida).
Hjelp med praktisk tilrettelegging for både innkomande og utreisande postdoktorar, og i kopling mellom postdoktorar, rettleiara og partnarar/mentorer i andre sektorar.
Tilrettelegging av samlingar og kurs for postdoktorane.
Informasjon og støtte til dei involverte fakulteta og rettleiarmiljøa ved UiB.
Å følge opp aktivitetane i programmet og sjå til at leveransar følgjer oppsatte tidsplanar.
Å organisere prosjektmøter og samlingar.
Nettverksarbeid med andre COFUND-program.
Å bidra til at programmet oppnår størst mogleg påverknad internasjonalt og nasjonalt.
Samanfatting av rapportar til den Europeiske Kommisjonen.
Å følge opp etiske standardar og retningsliner.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Du må ha
minimum norsk mastergrad, eller tilsvarande utdanning
svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
erfaring frå akademisk verksemd
erfaring med administrasjon og/eller koordinering av store prosjekt eller nettverk (som EU-prosjekt, forskarskoler eller liknande)
Det er også ønskeleg med
mastergrad eller forskningserfaring innan marine fag
økonomiforståing
grunnleggjande ferdigheter i norsk eller anna skandinavisk språk
erfaring med internasjonal mobilitet
erfaring med EU-deltakarportalen
god kjennskap til EU MSCA-programmet
erfaring med vedlikehald av nettstader
Personlege eigenskapar
Du må
ha gode samarbeidsevner
kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta og ta initiativ i tråd med behova i organisasjonen
vere effektiv, kvalitetsbevisst, ansvarsmedviten, fleksibel og serviceinnstilt
ha evne til å organisere komplekse oppgåver på ein strukturert måte
Det blir lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby
spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
eit godt arbeidsmiljø
stilling som seniorrådgjevar (kode 1363) i lønssteg 65 - 70 (for tida kr 586 500 – 643 000) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.