LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgjevar (Forskning) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 19.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgivar

Ved Det medisinske fakultet, fakultetsadministrasjonen, er det ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar (100 %). Til stillinga ligg det oppgåver knytt til arbeid med forskarutdanning, forskingsadministrasjon, samt arbeid med å utvikling av innovasjonsfeltet ved fakultetet.

Den som vert tilsett vil inngå i Forskingsseksjonen som er ein av fem seksjonar i fakultetsadministrasjonen. Forskingsseksjonen har programansvar for ph.d.- utdanninga, tilbyr forskings- og innovasjonsrådgjeving, og har koordineringsoppgåver på tvers av institutta, utgreiingsoppgåver og prosjektstøtte for leiinga. Seksjonen gjer også sakshandsamingsoppgåver.

Arbeidsoppgåver:

  • Leiarstøtte, planarbeid, analyse, utgreiings- og utviklingsoppgåver
  • Koordinator for ph.d. utdanninga ved fakultetet
  • Administrering og utvikling av innovasjonsfeltet
  • Rådgjeving og administrativt arbeid av særskilt krevjande karakter
  • Rådgjeving mot institutta i forskings- og ph.d.-utdanningssaker
  • Rapporteringsarbeid, mellom anna framdriftsrapportering og rapportering til offentleg mynde
  • Saksførebuing for utval og fakultetsstyre
  • Sakshandsaming og driftsoppgåver for ph.d.-utdanninga

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad og helst spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Omfattande relevant praksis er eit krav
  • God munnleg og skriftleg norsk og engelsk er eit krav
  • God kjennskap til forskings- og utdanningsmiljø er eit krav
  • Kjennskap til innovasjonsprosesser er ein føremon
  • God administrativ IT-kompetanse. Det er ønskjeleg med erfaring og kjennskap til fellessystema som Universitetet i Bergen nyttar til forskingsadministrativt arbeid (til dømes Felles Studentsystem, ePhorte,Tableau)

Vi søkjer ein person som

  • har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • er imøtekommande og serviceinnstilt
  • er analytisk, strukturert og har god gjennomføringsevne
  • har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • er komfortabel med presentasjonsoppgåver

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt arbeidsmiljø og spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 64-70 (for tida kr 583 500 – 650 300). For særs kvalifisert søkjare kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Tone Friis Hordvik tlf: 97 00 11 34

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS