LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgjevar – Seksjon internasjonalt samarbeid

Søknadsfrist: 07.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgjevar – Seksjon internasjonalt samarbeid

Avdelinga for forsking og innovasjonAvdelinga for forsking og innovasjon har viktige forskingsstrategiske støtteoppgåver for fagmiljø og leiing. Avdelinga legger til rette mellom anna for universitetet sine satsingar på framifrå forsking, forskarutdanning, innovasjon, internasjonalt samarbeid og berekraft. Avdelinga har tre seksjonar og til saman 33 tilsette.

Seniorrådgjevar – Seksjon internasjonalt samarbeid

Seksjon internasjonalt samarbeid søkjer ein strategisk og policy orientert seniorrådgjevar med røynsle frå og engasjement for internasjonalt samarbeid innan forsking og innovasjon. Seksjonen støttar mellom anna nasjonale og globale forpliktande arbeid knytt til FNs mål for berekraft (SDG), vitskapsrådgjeving og «science to policy».

Gjennom SDG Bergen har Universitetet i Bergen utvikla seg til å bli ein viktig aktør i det nasjonale og internasjonale arbeidet med 2030-agendaen og berekraftsmåla. Arbeidet er i sterk utvikling og har på få år vekse i omfang og omdøme, både internt ved UiB, nasjonalt og internasjonalt. Mellom anna er den årlege nasjonale berekraftskonferansen i Bergen, «SDG Conference Bergen» blitt ein viktig møteplass og arena for dialog mellom akademia, politikk og det sivile samfunn om 2030-agendaen og berekraftsmåla.

Seniorrådgjevaren skal bidra til å utvikle UiB sin policy og institusjonelle tiltak for å fremja universitetets arbeid med berekraftsmåla og kople universitetets aktivitet og forsking opp mot lokalt, regionalt og nasjonalt næringsliv og offentlege institusjonar, til dømes å leggje til rette for å utvikle arenaer for «science to policy» aktivitetar i tett samarbeide med leiinga og forskarane på universitetet.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til å utvikling og samtenking av institusjonelle tiltak og policy for Agenda 2030 med særleg vekt på forsking i berekraft og hav, eit viktig element er den årlege «SDG Conference Bergen»
  • Leggje til rette for å utvikle «science to policy» aktivitetar, spesielt retta mot Agenda 2030 og bærekraft i Horizon Europe
  • Bidra til utforming av tiltak om styrker UiBs partnarskap og samarbeid med lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar
  • Vere ein pådrivar for utvikling av nye prosjekter og aktivitetar i nært samarbeid med leiinga, forskarar og fagmiljø på UiB

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant utdanning på minimum mastergradnivå
  • Innsikt og forståing for politiske prosessar, nasjonalt og internasjonalt
  • Røynsle frå internasjonal forsking og høgare utdanning
  • God kjennskap til UH-sektoren, Norges forskingsråd, EUs rammeprogram for forsking, andre relevante forskingspolitiske aktørar og forvaltning vil bli vektlagd
  • God kjennskap eller erfaring frå FN systemet er ein fordel
  • Evne til å arbeide målretta både sjølvstendig og i team
  • Kunne initiere og gjennomføre prosessar
  • Kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Interessante og utfordrande oppgåver innan arbeidsfelt med stor strategisk verdi for UiB
  • Et attraktivt og sterkt kompetansemiljø med stor fagleg bredde
  • Høge ambisjonar og mål for den internasjonale forskings- og innovasjonsaktiviteten
  • Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet i stillinga
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68 - 76 (for tida kr 618 600 – 726 400) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Are Straume, tlf.nr. +47 992 60 707 eller
  • Direktør, Forskings- og innovasjonsavdelinga Benedicte Løseth, tlf.nr.: +47 916 03 900

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS