LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgjevar / lege (50 %) - Utdanningsfagleg prosjekt i allmennmedisin

Søknadsfrist: 06.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgevar / lege

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling (50 %) som seniorrådgjevar/lege og dagleg leiar for eit utdanningsfagleg prosjekt innan allmennmedisin. Stillinga er knytt til prosjektet «Fleire praksisplassar og betre rettleiing for medisinstudentar på fastlegekontora (FRONESIS)», finansiert av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku). Prosjektet har ei førebels finansiering i 4 år.

Om prosjektet / arbeidsoppgåver:

Føremålet med prosjektet er å bidra til at medisinutdanningane i Noreg har eit tilstrekkeleg tal praksisplassar i primærhelsetenesta, med god kvalitet og kompetente praksisrettleiarar. Både volum og kvalitet på praksisplassar er under press, både gjennom «fastlegekrisa» og mangel på nasjonale avtalar og lovverk som sikrar at utdanningane har eit stort nok tal praksisplassar i kommunane. Prosjektet skal kartlegge, utvikle og prøve ut nye modellar for praksis, med mål om fleire, lengre og betre praksisperiodar, samt utvikle og pilotere ein ny og fleksibel vidareutdanning med sikte på å oppnå nasjonale krav for rettleiarkompetanse.

For det aktuelle prosjektet er det inngått partnarskap med Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest. Det er i rundt 90 fastlegekontor i ni kommunar dei ulike modellane for praksis skal prøvast ut, medan kartleggingsdelen av prosjektet dels vil vere regionalt (Helse Vest) og dels nasjonalt. I siste del av prosjektet skal det utviklast og prøvast ut ei nasjonal praksisrettleiarutdanning på masternivå retta mot fastlegar.

Stillingsinnehavaren skal

  • vere dagleg leiar for prosjektet og drive det framover i nært samarbeid med prosjektleiar, prosjektmedarbeidarar, referansegruppe og styringsgruppe
  • delta i følgjeforsking og evaluering av prosjektet i samsvar med prosjektplanen, og delta i forskingsteam for stipendiat dersom ønskjeleg og etter vitskaplege kvalifikasjonar
  • delta i utforming av spørjeskjema, utvikling av modellar for praksisinnhald og praksisavtalar med fastlegar og fastlegekontor
  • delta i møter med fastlegar og kommunar og utforme praksisavtalar
  • følgje opp prosjektet i samsvar med prosjektplanen, rapportering og rapportutforming
  • presentere prosjektet og formidle resultat i relevante fora lokalt og nasjonalt
  • vere medlem i prosjektet si prosjektgruppe

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må vere utdanna lege med norsk autorisasjon
  • det er ønskjeleg at søkjaren har vitskaplege kvalifikasjonar innan allmennmedisin eller samfunnsmedisin, og erfaring frå slik forsking vil bli tillagt stor vekt, men er ikkje avgjerande for stillinga
  • grundig kjennskap til fastlegeordninga, anten som klinikar, frå samfunnsmedisinsk stilling eller frå organisasjonsarbeid vil bli vektlagt
  • det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med utarbeiding av prosjektsøknadar og gjennomføring av ulike typar prosjekt
  • det vil bli lagt vekt på erfaring frå allmennmedisinsk undervisning, både i grunnutdanning og i vidare- og etterutdanning
  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid, samt personlege eigenskapar som gjer søkjar eigna for stillinga, vert sterkt vektlagt i vurdering av søkjarane
  • søkjar må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for utdanningsspørsmål, forsking og utvikling av fastlegeordninga som praksisarena
  • søkjar må vere god i munnleg og skriftleg norsk og engelsk

Vi kan tilby:

  • eit godt arbeidsmiljø ved Faggruppe for allmennmedisin i ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
  • flott arbeidsplass i nye Alrek helseklynge
  • stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 60-64 (Dette utgjer fortida brutto årslønn for ei full stilling kr 535 200 – 575 600). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleiar og professor Steinar Hunskår, steinar.hunskar@uib.no, tlf. 9583 5353

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS