Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorrådgjevar - Forskings- og innovasjonsavdelinga

Søknadsfrist: 09.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.

Seniorrådgivar ved Forsknings- og innovasjonsavdelinga

UiB har store ambisjonar om å auke innovasjons- og entreprenørskapsaktiviteten blant studentar og forskarar, og har nylig vedtatt ein handlingsplan på dette området. Planen har ei brei tilnærming til innovasjon som inkluderer tenesteinnovasjon, sosial innovasjon og organisasjonsinnovasjon. I åra framover skal det utviklast ein sterkare kultur for innovasjon, og ein treng meir administrativ kompetanse for å bidra til å nå desse måla. Den nye stillinga er plassert i Forskings- og innovasjonsavdelinga på UiB. Avdelinga tel om lag 30 tilsette som arbeider med forsking- og juridisk rådgjeving, og er inne i ei spanande utvikling. I løpet av 2020 skal avdelinga etablere ein ny seksjon for innovasjon, og du vil arbeide i eit topp kompetent team med engasjerte og framoverlente kollegaer. Vi ynskjer deg velkomen til å vere med på dette laget.

Forskings- og innovasjonsavdelinga gjev råd og støtte til universitetsleiinga, fakulteta og forskarar. Ein stor del av forskinga ved universitetet er finansiert av midlar henta frå EU og Forskingsrådet, og innovasjon får stadig større betyding i desse programma. Stillinga inneber mykje kontakt med forskarar, fagmiljø og eksterne samarbeidspartnarar. Som seniorrådgjevar vil du arbeide med rådgjeving og støtte til prosjektsøknadar, og du vil mellom anna vere ansvarleg for å følgje opp program i EU, Norges forskingsråd, Innovasjon Norge og andre finansieringskjelder både nasjonalt og internasjonalt der innovasjon har eit særleg fokus.

Seniorrådgjevaren skal mellom anna:

  • Inngå i eit team som skal følgje opp handlingsplan for innovasjon og entreprenørskap ved UiB
  • Bidra til å byggje opp innovasjonskompetanse hos forskingsmiljøa ved UiB og til å fremme og støtte innovasjonsarbeid i organisasjonen som heilheit
  • Bidra til å knytte kontaktar mellom fagmiljø og næringsliv som ledd i å styrke innovasjonsarbeidet ved UiB
  • Gje råd og støtte til forskarar som skal søke EU og Forskingsrådet om finansiering til forskings- og innovasjonsprosjekt
  • Følgje opp tenestekjøp frå UiBs samarbeidspartner VIS - Vestlandets Innovasjonsselskap AS
  • Yte støtte til utvikling av institusjonelle virkemidlar som skal bidra til auka innovasjonsaktivitet ved UiB

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi ynskjer at du har:

  • Minimum mastergrad, fortrinnsvis doktorgrad. Realkompetanse med relevans for arbeidsoppgåvene kan kompensere for utdanningskravet
  • God kjennskap til innovasjonsprosessar og entreprenørskapsarbeid. Det er ein føremon med røynsle frå utviklings- eller innovasjonsprosjekt
  • Erfaring med EU og Forskingsrådets forskings- og innovasjonsprogram, eller tilsvarande
  • Kjennskap til den norske universitets- og høgskulesektoren, med vekt på forsking
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Du er:

  • Ein pådrivar med stor arbeidskapasitet
  • Ein relasjonsbyggjar med gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
  • Serviceinnstilt og fleksibel
  • Systematisk, analytisk og med evne til å arbeide sjølvstendig

Vi legg vekt på:

  • Relevant og brei erfaring
  • Personlege eigenskapar naudsynt for stillinga

Vi kan tilby:

  • Ei avdeling i spanande utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med stor fagleg tyngde
  • Løn som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68-74 i det statlege lønsregulativet. Dette tilsvarer for tiden kr. 615 500 – 691 000,- i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Direktør, Forsknings-og innovasjonsavdelingen Benedicte Løseth: +47 916 03 900

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga. Stillinga kan tilleggas andre oppgåver etter behov.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida: ”Søk denne stilling” til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast om du får melding om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS