LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Prosjektleiar / Prosjektleder (seniorrådgjevar) knytt til omfattande arealutviklingsprosjekt

Søknadsfrist: 03.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Prosjektleiar/Prosjektleder (seniorrådgjevar) knytt til omfattande arealutviklingsprosjekt ved UiB

Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig ei stilling som prosjektleiar (seniorrådgjevar) for eit omfattande arealutviklingsprosjekt der UiB over ein tiårsperiode skal rehabilitere Realfagbygget og Fysikkbygget og realisere eit nytt bygg.

UiB er eit internasjonalt forskingsuniversitet som søkjar, utviklar og forvaltar kunnskap som formar samfunnet gjennom framifrå forsking, utdanning, formidling og innovasjon. UiB går i bresjen for å byggje sterke kunnskaps- og kompetansemiljø på Vestlandet. For at UiB skal vere eit lokomotiv innan realfag, IKT og teknologi på Vestlandet og i Noreg også i framtida, har UiB vedteke eit heilskapleg arealutviklingsprosjekt for Nygårdshøyden Sør der Det matematisk-naturvitskaplege fakultet held hus. Prosjektet omfattar rehabilitering av Realfagbygget og Fysikkbygget på til saman om lag 57.000 m2 forutan eit nybygg på 18.000 m2 og vil gå over ein tiårsperiode. Areala skal romme både forsking, utdanning, innovasjon og formidling, og rehabilitering og nybygging skal gå føre seg samstundes med pågåande drift. For å leie det daglege arbeidet frå fakultetet si side, søkjar vi ein prosjektleiar som evner å arbeide i grenseflata mellom organisasjon og byggprosjekt og omsetje og bygge bru mellom desse.

AnsvarsområdeProsjektleiar skal ha det daglege operative ansvaret for arbeidet til fakultetet knytt til arealutviklingsprosjektet Nygårdshøyden Sør og vil jobbe i skjeringspunktet mellom brukarane og fakultetet på eine sida og byggprosjektet på andre sida. Prosjektleiaren skal i samråd med fakultetsleiinga sikre koordinering og framdrift i prosjektet og arbeide tett opp mot byggprosjektet som er leia frå eigedomsavdelinga ved Universitetet. Sentralt i stillinga er å vere eit viktig bindeledd mellom byggprosjektet, fakultetet og fagmiljøa. I samband med kommunikasjonsbehova i prosjektet vil prosjektleiar jobbe tett opp mot prosjektorganisasjonen og Kommunikasjonsavdelinga ved UiB.

Prosjektleiar rapporterer til fakultetsdirektøren, som har det daglege ansvaret for fakultetsadministrasjonen.

Døme på arbeidsoppgåver

  • Planlegge, koordinere og fasilitere leveransane frå fakultetet i det heilskaplege arealutviklingsprosjektet og opp mot byggprosjektet
  • Ta del i arbeidet med kartleggingsaktivitetar, analysar, utgreiingar, risikovurderingar mv.
  • Koordinere og ta hand om dialog opp mot ulike ressursar og aktørar
  • Leiarstøtte opp mot fakultetsleiinga
  • Sekretærfunksjonar for ulike grupper i prosjektet

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du må ha

  • relevant høgare utdanning på masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet
  • relevant erfaring og interesse for bygg- og arealutvikling kombinert med god organisasjonsforståing
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

Du må

  • ha høg arbeidskapasitet, arbeide systematisk med stor gjennomføringsevne
  • vere analytisk med evne til å forstå og handtere stor grad av kompleksitet
  • ha evne til å arbeide både overordna og detaljert og levere arbeid med høg kvalitet
  • god prosessforståing og evne å legge til rette for gode arbeidsprosesser og involvering av relevante aktørar
  • ha gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar

Det blir lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • eit godt arbeidsmiljø
  • stilling som seniorrådgjevar (kode 1363) i lønssteg 65 - 72 (for tida kr 586 500 – 670 100) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 975 57 135, e-post: elisabeth.lysebo@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga.

Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS