LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Organisasjonsutviklar - Seksjon for arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling

Søknadsfrist: 22.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Organisasjonsutviklar

Vi søkjer ein strategisk, engasjert og initiativrik organisasjonsutviklar i fast 100% stilling. Stillinga er lagt til Seksjon for arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling ved HR-avdelinga. Du blir ein del av eit aktivt og kompetent team som står for gjennomføring av, eller gjev støtte til, omstillings- og endringsprosjekt ved UiB. Vi arbeider tett med andre einingar for å løyse utfordringar og vidareutvikle organisasjonen, og ser no etter ein erfaren og dyktig medarbeidar som kan vere med på å ytterlegare styrke vårt fagmiljø.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie eller delta i endrings- og omstillingsprosjekt
  • Utvikle framtidsretta tenester på HR-feltet
  • Leie kartleggings- og evalueringsarbeid
  • Drive prosessforbetrings- og standardiseringsarbeid
  • Drive eller delta i HR-avdelinga sitt leiarutviklings- og opplæringsarbeid
  • Utvikle samarbeidsløysingar med eksterne aktørar i og utanfor sektoren

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • God innsikt i relevant og oppdatert metodikk innanfor organisasjonsutvikling
  • Dokumentert prosjektleiarerfaring og gjennomføringsevne
  • Gode kommunikasjonseigenaskapar -også på digitale flater
  • Evner å skape eit godt samspel på tvers av faglege og organisatoriske grenser
  • Erfaring med å arbeide brukarorientert
  • Kan arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta -også i periodar med høgt tempo
  • Er ein god lagspelar og relasjonsbyggar

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Eit engasjert, dynamisk og inkluderande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68 - 75 (for tida kr 618 600 – 708 000 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef ingve Bergheim, tlf. 948 04 075, eller HR- direktør Sonja Irene Dyrkorn , tlf. 481 62 687

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS