Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vitskapleg assistent - Institutt for samanliknande politikk

Søknadsfrist: 01.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent

Ved Institutt for samanliknande politikk Universitetet i Bergen, er det ledig ei 20 % stilling som vitskapleg assistent for ein periode på 10 måneder. Stillinga er knytt til prosjektet «Politics of Inequality» v/ prosjektleiar Yvette Peters.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Arbeidsoppgåver:

  • Synkronisere, binde saman, konstruere og supplere store datasett
  • Gi støtte til analysar av data
  • Gi støtte til skriving av rapportar basert på data frå Norsk Representantpanel
  • Hjelpe til med organisering av forskingsseminar og arbeidsgrupper
  • Halde prosjektets nettside oppdatert

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad eller bachelorgrad i samanliknande politikk
  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
  • God kjennskap til kvantitativ metode (data and analyse). Det er ein føremon om ein har fullført emna SAMPOL305 and SAMPOL332.
  • Det er ønskeleg med interesse for representasjon og/eller politisk ulikskap i demokrati
  • God administrativ IT-kompetanse

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn med bachelorgrad i lønssteg 35 – 42 ved tilsetjing (kode 1019). Personar med mastergrad vil bli løna i kode 1020, lønnstrinn 51.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge.

Søknadsfrist: 1.11.2020 .

Søknaden skal merkast 20/11529

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar Yvette Peters.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS