LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i matematikkdidaktikk

Søknadsfrist: 01.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i matematikkdidaktikk

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i matematikkdidaktikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med 25 % pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d.-stipendiaten vil høyre til den matematikkdidaktiske forskingsgruppa. Emnet for ph.d.-prosjektet skal ligge innanfor rammene av det matematikkdidaktiske forskingsfeltet og vere knytt til praksis. Vidareutvikling av instituttet sin grunnundervisning vil vere hovudtema for ph.d.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarane må ha oppnådd mastergrad i matematikkdidaktikk eller tilsvarande utdanning i matematiske fag, integrert lektorutdanning med master i matematikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Primært ønskjer ein søkjarar med IL (Integrert lektorutdanning) eller PPU (Praktisk pedagogisk utdanning).
  • Det vil vere ein fordel at søkjarane kan dokumentere erfaring med undervisning i matematikk eller matematikkdidaktikk på relevant nivå.
  • Søkjarane må meistre eit skandinavisk språk
  • Søkjarane må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Søkjarane må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeld følgande:

Samla stipendperiode er 4 år, inkludert pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 4 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 i statens regulativ (kode 1017/LR20, alternativ 10) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysingar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Mette Andresen, e-post Mette.Andresen@uib.no (matematikkdidaktikk),
  • Førsteamanuensis Johann Christoph Kirfel, e-post Christoph.Kirfel@uib.no (matematikkdidaktikk), eller
  • Professor Antonella Zanna Munthe-Kaas, e-post Antonella.Zanna@uib.no (instituttleiar) ved Matematisk institutt

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS