Stilling:

Vikariat som førstelektor / universitetslektor (Institutt for geografi)

Søknadsfrist 20. november 2018

Ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, er det ledig eit vikariat i 100% stilling som førstelektor/universitetslektor for perioden 1.1.-30.6.2019. Stillinga kan eventuelt delast i to med redusert stillingsbrøk.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i samfunnsgeografiske emnar samt feltkurs og kvalitativ metode. Aktuelle emnar er GEO124 Regional utvikling, GEO206 Qualitative analysis, GEO221 Sustainability in an urbanising world, GEO292 Regionalgeografisk feltkurs.

Kvalifikasjonar

  • Doktorgrad i samfunnsgeografi. Dersom det vi ikkje får kvalifserte søkjarar vil det verte aktuelt å tilsette personar med mastergrad i samfunnsgeografi
  • Undervisningspraksis frå universitets- og høgskulesektoren
  • Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg egna for stillinga. Samarbeidsevne og ambisjonar for eiga undervisning vert tillagt vekt.

Undervisning føregår på norsk og engelsk.

Vi kan tilby

  • Stillinga er løna etter lønssteg 59 – 65 (kr. 515 200 – 576 100) som førstelektor (kode 1198) eller i 52- 60 (kr. 456 900 – 524 200) som universitetslektor (kode 1009). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Aktuelle kandidatar vil bli invitert til intervju.

Søknad

Søknad med CV, kopi av vitnemål og attestar samt oversyn over pedagogiske kvalifikasjonar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”Søk på jobben”.

Søknadsfrist: 20. november 2018

Søknaden skal merkast 18/12935

Søknader som blir sendte på e-post blir ikkje vurderte.

Til informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleder, førsteamanuensis Peter Andersen, e-post: peter.andersen@uib.no, tlf. 55 58 30 63.

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettas til rådgivar Beathe Moldestad, e-post: beathe.moldestad@uib.no eller tlf. 55 58 90 56.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Universitetet i Bergen nyttar prinsippet om meir offentleg innsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS