Stilling:

Stipendiat i norskdidaktikk

Søknadsfrist 31. januar 2019

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 11.000 studentar og 1.700 tilsette. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, er ein del av Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora. Instituttet tilbyr grunnskulelærarutdanningar, årsstudiar i praktisk-estetiske fag (idrett/kroppsøving, drama og kunst og handverk), bachelor i idrett/kroppsøving og master- og doktorgradsutdanning i utdanningsvitskap. Utdanningsvitskap er eit faglig satsingsområde ved universitetet, og instituttet er budd til å ta eit større ansvar for å utdanna tiltrengt arbeidskraft både regionalt og nasjonalt innafor dette fagområdet. Det er i dag 75 tilsette og 900 studentar knytt til instituttet.

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som doktorgradsstipendiat i norskdidaktikk ved Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora, Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk.

Dette er ein utdanningsstilling som i hovudsak skal gje lovande forskarar høve til fagleg utvikling. Stillinga har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål.

Stipendiaten blir tilsett for ein periode på tre år med rein forskarutdanning eventuelt fire år med forskarutdanning og 25% pliktarbeid. Dette blir avklart i rekrutteringsprosessen. Stillinga er ledig frå 1.8.2019.

Norskdidaktikk er eit breitt forskingsfelt som utforskar ulike sider ved skulefaget norsk, både innhaldet i faget, undervisningsmåtar, formål og grunngjevingar. Dette aktuelle doktorgradsstipendiatet skal innrettast mot digital skriving i grunnskulen, med hovudfokus på norskfaget.Stipendiaten kan sjølv etter norskfagleg bakgrunn og forskingsinteresse innrette prosjektet sitt mot t.d. begynnaropplæring i skriving, den andre skriveopplæringa eller tilrettelegging og vurdering av skriving.

Søkjaren skal utforme ei foreløpig prosjektskisse (mal for prosjektskisse finn du her). Det er ein føresetnad at prosjektskissa blir skriven i samsvar med den faglege vinklinga som er skildra ovanfor.

Søkjaren må ha ein sterk fagleg bakgrunn med femårig mastergrad innanfor norsk språk/norskdidaktikk/ lesevitskap, helst av nyare dato, eller tilsvarande utdanning som gir grunnlag for å gjennomføre ei forskarutdanning innanfor fagområdet. Karakter på masteroppgåva og vegen gjennomsnittskarakter på masterstudiet må begge kvar for seg tilsvare B eller betre for å kome i betraktning.

Ved vurdering blir det lagt vekt på søkarens potensiale for forsking innanfor fagfeltet, samt vedkommandes personlege føresetnadar for å gjennomføre forskarutdanninga.

Den som blir tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap, vere nytenkjande og kreativ. Stipendiaten må ha gode ferdigheiter i norsk språk. Stillinga blir sett på som ei viktig rekrutteringsstilling til vitskapleg stilling ved universitet/høgskule.

Studiet skal gjennomførast i hovudsak ved Universitetet i Stavanger, bortsett frå eit avtalt opphald i utlandet ved eit anerkjent relevant forskingsmiljø.

Stipendiaten blir lønna etter Statens lønnsregulativ l.pl 17.515, kode 1017, kr 449.400 bto pr år. Stillinga gir automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjonsrettigheiter. Medlemmene kan søkje bustadlån til gunstige vilkår.

Prosjektgrunnlag og nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Opplysingar om tilsettingsprosessen kan ein få ved å vende seg til HR-rådgiver Camelia danaei, tlf 51833149, epost camelia.danaei@uis.no.

Du må registrere søknaden i eit elektronisk skjema på jobbnorge.no. Relevant utdanning og erfaring skal registrerast i skjemaet. Vitnemål, attestar, publikasjonsliste, prosjektskildring og ev annan dokumentasjon som du ønskjer det skal takast omsyn til, ber vi deg laste opp som vedlegg til søknaden i separate filer. Dersom vedlegga blir meir enn 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS