Stilling:

Teiknspråkkonsulent / rådgjevar

Frist: 10.08.2018

Statped vest er ein av fire regionar i Statped med regionsenter i Bergen og med kontor i Sandane og i Stavanger. Statped vest yter tenester til kommunar og fylkeskommunar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland innan fagområda synsvanskar, høyrselsvanskar, samansette lærevanskar, språk- og talevanskar, brukarar med døvblindheit eller kombinerte sansetap og brukarar med erverva hjerneskade.

Statped vest har ledig eit vikariat i 100%, i eit år som teiknspråkkonsulent/rådgjevar på fagområdet høyrsel.

Vi ønskjer å tilsette ein teiknspråkkonsulent/rådgjevarar som har høg kompetanse innan fagområdet høyrsel og særleg på teiknspråkområdet.

Arbeidsstyrken i staten skal spegle mangfaldet i befolkninga i størst mogeleg grad. Statped sitt mål i personalpolitikken er ei balansert samansetjing av alder og kjønn, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.

Søkjarane må vere merksame på at opplysningar om at dei har søkt kan verte offentleggjort, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.

Arbeidsoppgåver

  • Opplæring av føresette, barn og unge i teiknspråk og norsk med teiknstøtte
  • Arbeid med kurstilbod til barn med nedsett høyrsel og deira føresette
  • Koordinering og sakshandsaming av tenester knytt til teiknspråk og kurs
  • Delta i læremiddelutvikling, oppdrag frå høgskular og fleirfaglege oppgåver i fagavdelinga og Statped
  • Stillinga inneber stor grad av sjølvstendig arbeid, i tillegg til teamarbeid
  • Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning som til dømes lærar, i tillegg til teiknspråk 60 studiepoeng (relevant realkompetanse i teiknspråk kan kompensere for dette utdanningskravet)
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge med høyrselshemming
  • Rettleiingskompetanse, praktisk pedagogisk kompetanse og røynsle med bruk og utvikling av digitale læremiddel vert vektlagt
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Den som vert tilsett må leggje fram politiattest og elles rette seg etter dei til ei kvar tid gjeldande lover og avtalar for tenestepersonar i staten.
  • Personleg eigna

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Fleksibilitet
  • Analytisk og utviklingsorientert

Vi tilbyr

  • Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Engasjerande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode høve til fagleg utvikling
  • Stillingane vert løna som førstekonsulent st.kode 1408 i ltr. 42-49 (kr. 391 800 - 435 500). For særleg godt kvalifiserte søkjarar st.kode 1434 rådgjevar i ltr 45-60 (kr. 409 100-524 200)
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • IA-verksemd
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

Web: www.statped.no

Søk på stillingen

Kontakt: Hilde Sivertsen (Avdelingsleiar)

Telefon: 992 45 684

Powered by Labrador CMS