LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Studierådgjevar - Det samfunnsvitskapelege fakultet

Søknadsfrist: 18.01.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12.000 studentar og 1.800 tilsette. Universitetet ligg i Noregs tredje største byregion, med ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU).

Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon. Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet har om lag 2.200 studentar og 160 tilsette.

Fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor- master- og doktorgradsnivå Studiane byggjer på ein kombinasjon av teoretisk og praktisk kunnskap, på tverrfaglighet og samarbeid med offentleg og privat verksemd. Ny kunnskap vert generert ut frå både praktisk røynsle og systematisk forsking, eller i kombinasjonen av desse to. Utdanningstilbodet er variert og omfattar blant anna hotell- og reiseliv, mediefag, samfunnsfag, sosiologi, sosialt arbeid og barnevern.


Fakultetet består av Institutt for medie- og samfunnsfag, Institutt for sosialfag og Norsk hotellhøgskule.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger søkar etter studierådgjevar ved Det samfunnsvitskapelege fakultet, fakultetsadministrasjonen dedikert til Institutt for medie- og samfunnsfag.

Som studierådgjevar vil du få ein variert, spennande og travel kvardag der du jobbar tett på studentar som tar høgare utdanning innanfor samfunnsvitskapelege fag. Ansvarsområde er studieadministrative og studierelaterte oppgåver, kommunikasjon, marknadsføring og samfunnskontakt. Kontorsjef er næraste overordna.

Den som vert tilsett vil inngå i institusjonelle prosessnettverk og/eller andre faglege fora på tvers av einingar. Vedkommande kan også inngå i prosjekter uavhengig av organisatorisk plassering.

Hovudoppgåver

  • utføre utrednings- og analyseoppgåver
  • hjelpe til ved studiegjennomføring og kvalitetssikring/-utvikling, saksbehandle studentsakar og ivareta eksamensarbeid
  • studierettleiing og informasjon til studentane om undervising og studiekvardag
  • registrere og vedlikehalde studieplanar og emne i ulike dokument/kanalar
  • gi råd om kommunikasjon, marknadsføring og samfunnskontakt
  • ivareta kommunikasjon og informasjonsarbeid, mellom anna utvikling og vedlikehald av nettsider og sosiale medieplattformar som profilerer instituttets studietilbod
  • bidra til kvalitetssikring av informasjon om studieprogram på vitnemålet

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • erfaring med studieadministrativt arbeid innan høgare utdanning
  • gode kontaktskapande evner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • oppdatert og solid digital kompetanse og erfaring med bruk av verktøy og programmer til formidling på forskjellige kommunikasjonsplattformer

Vidare blir det lagt vekt på at den som vert tilsett:

  • kan arbeide sjølvstendig og proaktivt
  • er analytisk, systematisk og nøyaktig
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • er ein lagbygger med gode samarbeidsevner

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega våre fysiske og digitale læringsmiljø, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.

Universitetet i Stavanger ønskjer fleire menn i avdelinga og oppmodar derfor menn til å søke.

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 516.000 - 600.000 bto pr år. I særskilt tilfelle kan høgare lønn verta vurdert.
  • gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
  • meir om godar for tilsette og fordelar på uis.no

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Annette Falch Lothe, tlf: 51 83 13 61, e-post: [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert søknad og CV med relevant utdanning og arbeidserfaring registrert.

Relevante vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Opplysningar og dokumentasjon som det skal tas omsyn til ved vurdering må vere registrert i Jobbnorge innan utløpet av søknadsfristen.

Vi gjer merksame på at søknaden berre vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kriteria som det er skreve om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25.

UiS vurderer bare søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS