LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Rådgivar innanfor forskningsadministrasjon / forskarutdanning - vikariat

Søknadsfrist: 30.09.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 12 000 studentar og 1900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Me skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalta naturressursane på og ved å leggja til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd og læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnader regionalt, nasjonalt og internasjonalt har me eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Me er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300 000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyd ei rekkje spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil me løfta blikket og våga å tenkja stort og nytt — me vil utfordra det velkjende og utforska det ukjende.


Det helsevitskaplege fakultet tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og paramedisin, mastergradsutdanningar i helsevitskap, i helsesjukepleie, i jordmorfag, i rus og psykisk helsearbeid, i prehospitale tenester og i sjukepleie med spesialisering i anestesi-, intensiv- og operasjonssjukepleie, og dessutan vidareutdanning i kreftsjukepleie. Vidare tilbyr me forskarutdanning (PhD) i helse og medisin og forskarskulen PROFRES - Nasjonal forskarskule for profesjonsretta og praksisnær forsking på områda helsa, velferd og utdanning. Fakultetet har følgjande programområde for forsking: Profesjonelle relasjonar i velferdsyrker, Helsefremming ved kroniske plager, E-læring, omsorgsteknologi og Simulering, Livsfenomener og omsorg, og Samfunnsdeltakelse i skule og arbeidsliv. Forskingssenteret SHARE - Senter for kvalitet og sikkerheit i helsetenesta og Nettverk for helseteknologi er òg heimehøyrande ved fakultetet. Det er i dag ca. 200 tilsette (inklusiv stipendiatar og postdoktorar) og ca. 1.200 studentar tilknytta fakultetet.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig eit vikariat som rådgivar innanfor forskningsadministrasjon/forskerutdanning ved Det helsevitskaplege fakultet, fakultetsadministrasjonen.

Vikariatet er ledig ut juni 2022.

Hovudoppgåver

  • halda løypande oversyn over einingas eksterne FoU-portefølje, inkludert ansvar for rapporteringar
  • vareta administrasjon og oppfølging av einingas FoU-aktivitetar i samarbeid med resten av fakultetets forskingsadministrasjon og fellestenester ved UiS
  • koordinere og følgje opp PHD-kurs
  • koordinere og følgje opp felles aktivitetar for doktorgradsstudentar
  • planleggja gjennomføring av disputasar, samt etterarbeid i samband med dette
  • anna forskingsadministrativt arbeid

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant utdanning på minimum masternivå. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • kjennskap til forskarutdanning og relevant erfaring med administrasjon, tilrettelegging og oppfølging av FoU-aktivitetar og prosjekt
  • god erfaring med bruk av relevante IT-verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • har gode samarbeidsevne og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Me tilbyd

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 516 000 - 615 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om tilsettgode og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Verdiane åt universitetet er å vera uavhengig, involverande og skapande. Me vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt og er opptekne av å visa respekt for at folk er ulike og har ulik bakgrunn. Universell utforming ligg til grunn for det fysiske og digitale læringsmiljøet vårt, og arbeidsplassen kjem om naudsynt til å verta lagd til rettes for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Me oppmodar alle om å søkja, ubunde av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om ein i ein periode har vore utanfor arbeidslivet.

Universitetet ynskjer å rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søkja. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha jambyrdige kvalifikasjonar, kjem ein mann til å verta prioritert føre ei kvinne.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgivar Helene Engelsgjerd Figved, tlf: 51831558, e-post: [email protected].

Søknad

Søk stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her må du registrera minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidsrøynsle i tillegg til språkkunnskapar. I søknadsbrevet må du leggja fram kompetanse og motivasjon for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt anna dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må liggja føre på eit skandinavisk språk eller engelsk. Om vedlegga vert større enn 30 MB samanlagt, må dei komprimerast føre opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava.

Me gjer merksam på at opplysningar om ein søkjar kan verta offentleggjorde jamvel om søkjaren har bede om ikkje å verta oppførd på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom ei slik oppmoding ikkje vert teken til fylgje, kjem søkjaren til å verta varsla om det.

UiS vurderer berre søknader og vedlegg som er registrerte i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS