LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Prosjektrådgjevar / Senior prosjektrådgjevar

Søknadsfrist: 10.08.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar.

Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger søker prosjektrådgjevar / senior prosjektrådgjevar innanfor bygg- og arealforvaltning.

Universitetet leier ein stor og variert bygningsmasse med mange pågåande utviklingsprosjekt. Vi arbeider kontinuerleg for å optimalisere forholda for universitetets kjerneverksemd gjennom ulike typar prosjekt og tiltak knytt til bygg og areal. No ønsker vi ein ny kollega på laget for å sikra auka gjennomføringskraft. UiS er sertifisert som Miljøfyrtårn og arbeider for eit berekraftig campus.

Dette er ei spennande stilling som er tett knytt til utviklinga av universitetsområdet og nyleg vedtatt campusutviklingsplan. Du vil også bli involvert i samarbeid med det nye universitetssjukehuset og bygginga av nytt helsevitskapleg fakultet.

Den som blir tilsett vil organisatorisk vere tilknytta Avdeling for bygg og arealforvaltning og rapportera til avdelingsdirektør.

Hovudoppgåver

  • kartlegga og greia ut saker knytt til bygg og areal
  • delta i utarbeiding av prosjektbestillinger og prosjektstyringsdokument i tett samarbeid med prosjekteigar og prosjektleiar
  • igangsette nye og innovative tiltak innanfor bygg og areal
  • halda kontakt med og følgje opp brukarar og brukargrupper
  • etablera og følgja opp tiltak knytt til indre og ytre miljø
  • utarbeida og følgje opp planar for prosjekt og tiltak
  • enkle kalkuleringer av prosjekt og økonomioppfølging
  • bidra med oppfølging og utarbeiding av kontraktar og innkjøp

Kvalifikasjonar

Den som blir tilsett må ha:

  • relevant høgare utdanning innanfor byggtekniske fag, utdanning på masternivå vil vera ein fordel. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • relevant erfaring, gjerne frå bygg- og eigedomsbransjen
  • erfaring frå prosjektarbeid/prosjektleiing
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Vidare blir det lagd vekt på at den som blir tilsett:

  • beherskar relevante IT-system og har erfaring med planleggingsverktøy Microsoft Project
  • er nøyaktig, strukturert og påliteleg
  • har gode samarbeidsevner, er tillitsskapande er service- og løysingsorientert
  • har evne til å takla periodar med høgt aktivitetsnivå
  • har førarkort klasse B
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn som rådgjevar etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 620.000 - 720.000 bto pr år, eller senior rådgjevar, kode 1364, kr 700.000 - 800.000 bto pr år. I særskilde tilfeller kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Direktør for bygg- og arealforvaltning Frode Alvheim, tlf: 51 83 11 87, e-post: frode.alvheim@uis.no

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Annette Falch Lothe, tlf: 51 83 13 61, e-post: annette.f.lothe@uis.no

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning, arbeidserfaring og språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg til søknaden. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer òg merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ditt ønskje ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS