LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vikariat som controller (rådgjevar)

Søknadsfrist: 01.07.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om økonomiavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vikariat som controller (rådgjevar)

Universitetet i Bergen er eit byuniversitet der sentrale delar av campus ligg i Bergen sentrum. Vi har 18.500 studentar og omlag 4.000 tilsette. Universitetet har ein sterk internasjonal profil som medfører tett samarbeid med universitet over heile verda.

Økonomiavdelinga har ansvar for å utforme institusjonen sin politikk innanfor økonomiområdet. Avdelinga har om lag 90 tilsette. I tillegg utfører vi ei rekkje driftsfunksjonar innan budsjett, innkjøp, lønsadministrasjon og rekneskap. Til avdelinga sine oppgåver høyrer også kvalitetssikring og utvikling av ansvarsområda. Ei sentral oppgåve er dessutan å forvalte og utvikle administrative informasjonssystem for dei ulike funksjonane i avdelinga.

Ved Økonomiavdelinga, Budsjettseksjonen, er det ledig eit 6 mnd vikariat, 50% stilling som controller (rådgjevar). Stillinga inngår i ei gruppe av 12 medarbeidarar som utfører controlleroppgåver for fleire av universitetet sine avdelingar og fakultet.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er for tida allokert til arbeid for universitetet sitt Fakultet for kunst, musikk og design med følgende oppgåver:

  • Håndtering av bidrags- og oppdragsprosjekter i Unit4 ERP og SAP Lønnssystem
  • Bistand med budsjettering og økonomistyring og rapportering for bidrags- og oppdragsprosjekter og bevilgning.
  • Sakshandsaming for instituttene ved fakultetet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Har høgare utdanning innan økonomi- og administrasjon
  • Har kjennskap til Unit4 ERP økonomisystem og SAP Lønnssystem
  • Har erfaring fra bidrags- og oppdragsaktivitet innenfor UH-sektoren
  • Har analytiske eigenskapar, samarbeidsevner og nødvendig presisjon i arbeidet
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Er strukturert, kan prioritere oppgåver og vere leveransedyktig
  • God administrativ IT-kompetanse

Relevant praksis fra dei konkrete oppgåvene og tilstrekkelig erfaring med systemene vil være eit føremon.

Den som vert tilsett i stillinga, må kunne bruke begge målformer. Relevant arbeidserfaring og interesse for handsaming av tall knytt til styring av komplekse verksemder blir vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i ltr 65-69 ( for tida kr. 594 300 - 637.900 brutto). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn verte vurdert.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Kontorssjef Seksjon for budsjett, Sven-Egil Bøe, tlf. +47 55 58 20 33, +47 99 51 34 81, sven-egil.boe@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS