Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Ved Studieavdelinga (SA) er det ledig eit vikariat som rådgjever (opptaksleder). Vikariatet går frå 15.august 2021 til 30. september 2022.
Opptakseininga på Studieavdelinga har ansvar for det samordna opptaket, opptak til master, opptak til enkeltemne, opptak til etter- og vidareutdanning, verifisering av utdanningsdokumentasjon og er involvert i fleire andre opptak. Eininga har også ansvar for utredning og utvikling innanfor opptaksfeltet.
Den tilsette vil inngå i eit team som har ansvar for gjennomføring av opptak til grunnstudiar ved UiB.
Rådgjevaren vil være opptaksleiar og ha et hovudansvar for gjennomføring av opptak til grunnstudiar gjennom Samordna opptak ved UiB. Opptaket behandlast primært i perioden februar til juli 2022. Opptaksleiar har et overordna ansvar for sakshandsaminga og informasjonsflyten i opptaket, samt ansvar for opplæring og oppfølging av sommarvikarar. I tillegg vil personen bidra i andre opptak ved behov. Andre aktuelle oppgåver vil vere arbeid med informasjon, kommunikasjon og nettsider, søkarrettleiing i UiBhjelp og telefon, handsaming av klagar, og delta i utviklingsprosessar i gruppa og sektoren.
Arbeidsoppgåver:
Leiar for opptak til grunnstudiar ved UiB for opptaket i 2022
Utarbeiding av informasjon til leiing og fakultet
Opplæring og oppfølging av sommarvikarar
Behandling av søknader om opptak til grunnstudiar
Vurdering av studiekompetanse og utdanningsbakgrunn, både for norske og internasjonale søkarar
Rettleiing av søkjarar og informasjonsarbeid
Utarbeiding og oppdatering av søkjarinformasjon på nettsider
Administrativt utviklingsarbeid
Sakshandsaming og oppgåver knytt til andre opptak
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Motivasjon og interesse for opptaksarbeid
Sjølvstendig og løysingsorientert
God gjennomføringsevne
Gode samarbeidsevner
God skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk og engelsk
Erfaring med opptaksarbeid og sakshandsaming i det samordna opptaket er ein føremon
Erfaring med bruk av Teams, Excel og Felles Studentsystem er ein føremon
Relevant utdanning på bachelornivå. I særskilte høve kan lang relevant erfaring, eller relevant etter- og vidareutdanning, kompensere for manglande formell utdanning.
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Rådgjever (kode 1434) vert lønt etter lønssteg 60-65 (for tida kr. 535 200 - 586 500 brutto) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA- verksemd)
Opptaksleiar for grunnstudiar ved UiB Jan Jacob Hoffmann, tlf. 55 58 93 82
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.