Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Koordinator for UiB si mentorsatsing - Rådgjevar

Søknadsfrist: 10.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieavdelingen her.

Rådgjevar knytt til studentars førsteårsopplevingar og innføring av mentorprogram ved Universitet i Bergen

Ved Universitetet i Bergen (UiB) har det over lengre tid gått føre seg ei satsing for å leggje til rette for at studentar skal trivast og lukkast med studia sine. UiB har vore ein pådrivar for etableringa av «Kompetansenettverk for studentars suksess i høgare utdanning», som er eit nasjonalt nettverk som arbeider for å oppnå betre gjennomføring, betre resultat og lågare fråfall.

UiB sitt styre har også vedtatt innføring av mentorordningar for alle lågaregrads-studentar, på initiativfrå studentane. Mentorsatsinga er eit av fleire tiltak for at studentar ved UiB raskt skal bli fagleg og sosialt integerte ved lærestaden. I 2019 har UiB med støtte frå Helsedirektoratet og i tett samarbeid med Sammen – Studentsamskipnaden på Vestlandet gjennomført prosjektet «UiB mentor», for å støtte fakulteta i innføringa av mentorordningar og for å utvikle mellom anna felles opplæringstilbod. UiB og Sammen skal vidareføre satsinga som eit treårig prosjekt.

Ved Universitetet i Bergen er det ledig ei fast stilling som rådgjevar knytt til Studieavdelinga med oppstart snarast og etter avtale. Rådgjevaren skal mellom anna ha ansvaret for å leie mentorsatsinga ved universitetet.

Vi søkjer etter ein rådgjevar som trivst i et komplekst kunnskapsmiljø, og som brenn for at studentar skal lukkast med studiekvardagen og meistra studia sine. Rådgjevaren vil ha særskilt ansvar for å tenkje heilskapleg rundt studentars førsteårsopplevingar og å bidra til innføring av veltilpassa mentorordningar i samarbeid med fakulteta og relevante fagmiljø. Vedkommande vil samarbeide tett med Saman sitt prosjektteam knytt til mentorsatsingar, med prosjektleiar for «Kompetansenettverk for studentars suksess i høgre utdanning», og med den som blir tilsett som seniorkonsulent knytt til studentars førsteårsopplevingar ved UiB.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til at studentar ved UiB meistrar overgangen frå vidaregåande skule til universitet og studia vidare, gjennom å leie UiBs mentor-satsing og vere UiBs kontakt- og ressursperson i «Kompetansenettverk for studentars suksess i høgare utdanning»
  • Koordinere opplæringstilbod for studentmentorar
  • Koble pågåande satsingar saman og tilretteleggje for teamarbeid på tvers av fakultet og interne og eksterne fagmiljø
  • Ha ansvar for utgreiingssoppgåver, betrings- og endringsprosessar, samt rapportering
  • Planleggje og prioritere arbeidsoppgåver innanfor prosjektets ansvarsområde
  • Vere orientert om nasjonal og internasjonal kunnskapsutvikling knytt til førsteårsopplevingar og mentorsatsingar
  • Kommunisere UiB sine erfaringar til omverda og bidra til utvikling av ny kunnskap
  • Vedlikehalde og byggje nye nettverk mot relevante interne og eksterne miljø
  • Ta del i utvikling og gjennomføring av seminar- og nettverkssamlingar, både internt og eksternt

Det kan bli gjort endringar i ansvarsområde og arbeidsoppgåver, basert på erfaringane i prosjektperioden og sluttevaluering av prosjektet i 2022.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer etter ein engasjert, nytenkjande og kompetent person, som har innsikt i høgare utdanningssektor og erfaring frå prosjektleiing og -koordinering. Vedkommande må ha gode samarbeidsevner og vere løysingsorientert. Det er ein fordel med pedagogisk utdanning og/eller erfaring, samt praktisk erfaring frå arbeid med ulike tiltak knytt til å inkludere studentar fagleg og sosialt. Personlege eigenskaper som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Personen vi søkjer må ha:

  • Utdanning på minimum mastergradsnivå
  • Inngåande kjennskap til UH-sektoren og forståing for verkemidla knytt å gje studentar gode føresetnader for studiemeistring
  • Erfaring frå prosjektleiing og -koordinering
  • Evne til å leggje til rette for gode arbeidsprosessar, teamarbeid og godt samspel på tvers av fakultet og relevante fagmiljø i organisasjonen
  • Relasjonsbyggjande eigenskapar og ein motiverande leiarstil, der kulturbygging og gjennomføringsevne blir vektlagt
  • Gode munnlege og skriftlege formuleringsevner

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 65 - 72 (for tida kr 583 900 - 667 200) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Avdelingsdirektør ved Studieavdelingen Christen Soleim, e-post: christen.soleim@uib.no, tlf. nr. 414 79 181

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS