LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgiver (Project manager) - vikariat

Søknadsfrist: 08.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Ved Geofysisk institutt er det ledig eit 60 % vikariat som rådgjevar (”Project Manager”) knytt til EU H2020-prosjektet COMFORT. Stillinga er for ein periode på 6 månadar med moglegheit for forlenging og auking i stillingsprosent.

Hovudarbeidsoppgåvene i stillinga er å arbeide som prosjektmanager for COMFORT-prosjektet (Our Common Future Ocean in the Earth System quantifying Coupled Cycles of Carbon Oxygen and nutrients for Determining and Achieving Safe Operating Spaces with Respect to Tipping Points), som er eit sentralt europeisk forskingsprosjekt om marine klimaendringar og konsekvensar for økosystem. Prosjektet har 32 partnarar frå Europa, Afrika, India, og Kanada.

Arbeidsoppgåver:

Kandidaten skal støtte prosjektleiar for COMFORT i alle delar av den vitskaplege koordineringa av prosjektet (den prosjektøkonomiske administrasjonen bli gjort av andre).

Desse oppgåvene er:

  • Skrive saman rapportar til den Europeiske Kommisjonen (periodisk og kontinuerleg rapportering,).
  • Drive intern- og eksternkommunikasjon (spesielt via prosjekt-websida)
  • Bistå med å koordinere arbeidet mellom dei ulike arbeidspakkene.
  • Følge opp aktivitetane i prosjektet, og særleg sjå til at alle leveransar går som dei skal og at milestolpar følgjer tidsplan.
  • Organisere prosjektmøte.
  • Nettverksarbeid med andre internasjonale og nasjonale prosjekt
  • Bidra til at prosjektet oppnår størst mogleg påverknad internasjonalt og nasjonalt.
  • Følge opp etiske standardar og retningsliner og forpliktinga om å publisere i “open access”- tidsskrift.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Nøkkelkrav:

  • Søkjarar må ha ein norsk doktorgrad i oseanografi, meteorologi, fysikk, matematikk, biologi, geologi eller tilsvarande disiplinar, eller ha tilsvarande utdanning frå utlandet
  • Inngåande kjennskap til prosessen med vitskapleg forsking i klima og hav.
  • Gode kommunikasjonsevner også på tvers av fagområde.
  • God skriftleg framstillingsevne og evne til å formulere lettforståelege tekster for formidling til ulike parter
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må ha gode samarbeidsevner (med hensyn til f.eks. diplomati, tålmodighet og problemløysing)
  • Evne til å organisere komplekse oppgåver på ein strukturert måte.

Det er også ønskeleg med:

  • Dokumentert erfaring med store forskingsprosjekt
  • Vitskapleg kompetanse innan hav- og klimavitskap, særleg i marine biogeokjemiske sykluser.
  • Erfaring innan vitskapleg publisering med særleg vekt på «open access».
  • Erfaring med programmering / vedlikehald av nettstader (wordpress)
  • Erfaring med EU-deltakerportalen.
  • Vilje til å reise
  • Bevisstheit om miljøvennlege styringsprosedyrar og reduksjonar av «carbon foot print»

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 59 - 64 (for tida kr 526 000- 575 600) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Christoph Heinze, Geofysisk institutt, e-post: christoph.heinze@uib.no, tlf: +47 5558 9844 / +47 9137 4288, eller
  • Administrasjonssjef Kristin Kalvik, e-post: Kristin.Kalvik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS