LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Programkoordinator / teamleiar knytt til profesjonsstudiet i psykologi

Søknadsfrist: 31.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling (100 %) som programkoordinator/teamleiar ved studieseksjonen, Det psykologiske fakultet. Stillinga er knytt til profesjonsutdanninga i psykologi. I stillinga vil du arbeide som programkoordinator og også ha arbeidsleiaransvar for dei andre programkoordinatorane som arbeider opp mot studieprogrammet. Organisering og oppgavedeling internt i administrasjonen er under vurdering og kan bli endra.

Arbeidsoppgåver:

  • Samarbeid med og administrativ støtte til faglege ansatte på profesjonsutdanninga i psykologi
  • Delta som programkoordinator på enkelte emner på studieprogrammet
  • Arbeidsleiar for programkoordinatorane som arbeider opp mot profesjonsutdanninga i psykologi
  • Utgreiing– og utviklingsarbeid på studiefeltet
  • Studieadministrativ saksbehandling
  • Ansvar for studieadministrative system
  • Informasjonsarbeid, i hovudsak nettbasert
  • Arbeid knytta til RETHOS for studieprogramma innan helse og sosialfag
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad
  • Relevant studieadministrativ praksis. Det er ein føremon med erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
  • Gode leiar- og samarbeidsevner
  • Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58 - 66. Dette utgjer for tida kr 524 900 - 604 700 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • seksjonssjef studieseksjonen Frode Randal, frode.randal@uib.no, tlf. 55 58 91 90

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS