Ph.d.- koordinator (rådgjevar) - Fakultet for kunst, musikk og design
Søknadsfrist: 20.10.2022
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillingen:
Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig fast stilling som rådgjevar, med snarleg tiltreding. Stillinga ligg under studieadministrasjonen, og er knytt til forskarutdanninga, med eit administrativt ansvar for ph.d.-programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid, og den daglege oppfølginga av fakultetet sine ph.d.-kandidatar. Fakultetet har sitt eige ph.d.- program i kunstnarleg utviklingsarbeid, i tillegg til vitskaplege kandidatar innan musikkvitskap og musikkterapi, som er tatt opp i ph.d.- programmet til Det humanistiske fakultet.
Arbeidsoppgåver:
Administrativt ansvar for ph.d.-programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid
Oppfølging av alle fakultetets kunstnarlege og vitskaplege ph.d.-kandidatar gjennom heile ph.d.-løpet
Samarbeid om utarbeiding og vedlikehald av digital handbok for ph.d.-utdanninga ved KMD
Organisere, planleggje, og følgje opp midtvegsevalueringar, bedømming og disputasar
Følgje opp og assistere i gjennomføring av forskarutdanningsaktivitetar i dialog med studieadministrasjonen og fagleg leiing (kursprogram, kommunikasjon med kandidatar og rettleiarar samt registrering i FS)
Oppfølging av eksterne stipendiatar som er tatt opp til ph.d.-program eller kurs
Ansvar for ph.d.-informasjon på fakultetets heimeside
Ansvar for sakshandsaming og oppfølging av ph.d.-utdanninga i KMDs Utval for forskar- og forskarutdanning (UFF)
Representere KMD i UiBs fora for forskarutdanningskoordinatorar, organisert av FIA
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha utdanning på minimum masternivå
God kjennskap til arbeidsfeltet knytt til forskarutdanning, og røynsle frå universitets- og høgskulesystem og/eller offentleg verksemd
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
Erfaring med bruk av administrative system som FS og ephorte leggjast stor vekt på
Det er naudsynt med god administrativ IT- kompetanse
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt:
særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
organisasjonsforståing
systematisk arbeid og handtering av detaljar
initiativrik, fleksibel og sjølvstende
handtere tidspress og komplekse arbeidssituasjonar
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø på eit fakultet i utvikling
Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 63 - 70 (for tida kr 584 700 - 661 400) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.