LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Nettverkskoordinator (rådgjevar) ved Center for Integrated Earth system Education (iEarth)

Søknadsfrist: 19.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei fast stilling som nettverkskoordinator (rådgjevar) for det nasjonale konsortiet Centre for integrated Earth System education (iEarth).

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

Stillinga har hovudarbeidsplass ved Institutt for geovitenskap, inngår i administrasjonen og vil samarbeide tett med studieseksjon her. I det daglege vil den som vert tilsett ha ansvar for å følgje opp og drive det nasjonale nettverket som utgjer SFUen iEarth. Senteret skal drive forsking på og utvikling av utdanning innanfor geovitskap i tette nasjonale og internasjonale relasjonar.

Nettverkskoordinatoren har den administrative leiarfunksjonen i nettverket, med ansvar for overordna drift, drift av websider, sakshandsaming prosjektsøknader, oppfølging av prosjekter og liknande, koordinering og rapportering til nettverket, kontakt med DIKU, dokumentasjonsarbeid, og møtekoordinering. I tett samarbeid med fagleg ansvarleg ved Institutt for geovitenskap og den nasjonale styringsgruppa har koordinator arbeidsoppgåver knytt til prosjektutvikling og gjennomføring og formidling, og inngår i nettverket si styringsgruppe. Nettverkskoordinatoren har eit særskilt ansvar for oppfølging og informasjonsflyt innan konsortiet, mellom dei fire partnarane, dei ulike delprosjekta og aktivitetar. Nettverkskoordinator har saman med fagansvarleg ved Institutt for geovitenskap ansvar for god partnarkontakt og for å representere nettverket eksternt.

Døme på sentrale arbeidsoppgåver er:

  • administrasjon av nettverket
  • studentkontakt
  • møtekoordinering
  • sikre overordna drift, drift av websider, drift av virtual competence centre, utvikling og framdrift av nettverket sine aktivitetar i samsvar med prosjektplanen
  • delta i utvikling og formidling av FoU-prosjekt og aktivitetar i nettverket og hos partnerane

Næraste overordna er fagleg ansvarleg for iEarth, og nettverkskoordinator rapporterer til denne.

Kandidaten som blir tilsett må vere førebudd på at stillinga kan verte fylt med andre tilsvarande oppgåver ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet.

Kvalifikasjonar

  • utdanning på minimum mastergradsnivå innan geovitskap eller anna relevant fagfelt.
  • relevant praksis og erfaring frå prosjektkoordinering og utdanningsutvikling er naudsynt.
  • kjennskap til og erfaring frå offentleg forvalting og universitets- og høgskulesektoren, sakshandsaming og studieadministrativt arbeid er ein føremon.
  • leiarerfaring og utdanningsfagleg kompetanse er ein føremon.
  • erfaring med formidlingsarbeid, og erfaring med å formidle munnleg og skriftleg på båe målformer og engelsk er eit krav.
  • utdanningsfagleg bakgrunn, til dømes praktisk pedagogisk utdanning, er ein føremon.

Personlege eigenskapar

Ved vurderinga av kandidatane vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som ernaudsynte for stillinga, til dømes:

  • evne til å ha oversikt, vere utviklingsorientert og raskt tileigne seg ny kunnskap.
  • sjølvstendig, initiativrik og kreativ.
  • gode skriftlege ferdigheiter på både engelsk og norsk.
  • systematisk og løysingsorientert med god gjennomføringsevne.
  • effektiv, fleksibel og serviceinnstilt.
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58 - 64 (for tida kr 516 400 - 575 600) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • ode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS