LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Miljøkoordinator (Rådgjevar)

Søknadsfrist: 08.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Miljøkoordinator (Rådgjevar)

Vi søkjer ein strategisk, engasjert og initiativrik miljøkoordinator i fast 100% stilling. Stillinga er lagt til seksjon for arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling ved HR-avdelinga. Du blir ein del av eit aktivt og kompetent fagmiljø med oppgåver som femnar om førebyggande og systematisk HMS-arbeid, berekraft og ytre miljø samt organisasjons- og kompetanseutvikling

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinering av aktivitetar i arbeidet med klimanøytralt UiB
  • Sekretariatsfunksjon for styringsgruppa for klimanøytralt UiB
  • Følgje opp utvalde tiltak frå strategiar og handlingsplanar
  • Drive informasjonsarbeid innanfor feltet
  • Samarbeid med andre relevante interne og eksterne grupper
  • Arbeidsoppgåvene i stillinga kan bli endra ved behov

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare relevant utdanning på masternivå, alternativt bachelor med arbeidserfaring.
  • Praktisk erfaring innan liknande arbeid vil få stor verdi ved vurdering av søkjarane
  • God miljøfagleg kompetanse og interesse for å fremme klima- og miljøforbetringar
  • Det er krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk og generelt gode IT-kunnskapar
  • Sjølvstendig, løysnings- og resultatorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Høve til fagleg og personleg utvikling og utstrekt kontakt med andre fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58 - 64 (for tida kr 524 900 - 583 500) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Ingve Bergheim, tlf. 948 04 075, eller
  • HR- direktør Sonja Irene Dyrkorn , tlf. 481 62 687

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS