Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskingsrådgjevar - SFF Centre for Cancer Biomarkers

Søknadsfrist: 08.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskingsrådgjevar (seniorrådgjevar)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved SFF Centre for Cancer Biomarkers ved Klinisk Institutt 1, er det ledig ei fast 50% stilling som forskingsrådgjevar (seniorrådgjevar). Stillinga lysast ut i kombinasjon med ei tilsvarande 50% stilling ved forskings-senteret Neuro-SysMed ved Helse Bergen. Søkjar må søkje både hjå UiB gjennom Jobbnorge og hjå Helse Bergen gjennom Webcruiter. Arbeidsstad for begge stillingane er ved Haukeland Campus. Stillingane er finansiert av Noregs Forskingsråd.

Om CCBIO

CCBIO leiast av professor Lars A. Akslen ved UiB, og arbeider med biomarkørar for å oppnå ei betre forståing av kreftsvulstar og meir presis kreftbehandling. Forskarane har eit særleg fokus på mekanismar og markørar knytt til korleis svulstar veks og samhandlinga mellom svulstceller og mikromiljøet, og korleis dette påverkar kreftspreiing og dårleg prognose. Forskingsaktiviteten er organisert i fire program: basale studiar og dyre-modellar (Program 1), kartlegging og validering av nye biomarkørar (Program 2), kliniske studiar (Program 3) og studiar av etiske-, økonomiske- og prioriteringsmessige problemstillingar (Program 4). CCBIO har ein sterk internasjonal profil og samarbeidspartnarar på verdsbasis.

Meir om CCBIO: www.ccbio.no

Om Neuro-SysMed

Neuro-SysMed er eit nyopna nasjonalt forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi og leiast av professor Kjell-Morten Myhr og professor Charalampos Tzoulis ved Haukeland universitetssjukehus (HUS) og Universitetet i Bergen (UiB). Neuro-SysMed utfører banebrytande klinisk og translasjonsforsking med hovudmål å oppdage og teste effektive behandlingar innanfor fire store sjukdomsgrupper i nevrologi: multippel sklerose (MS), amyotrofisk lateral sklerose (ALS), Parkinsons sjukdom og demens.

Meir om Neuro-SysMed: neuro-sysmed.helse-bergen.no

Om stillinga

Målet med den kombinerte stillinga er å auke eksternfinansieringa til begge forskingssentra. Forskings-rådgjevaren skal koordinere og skrive delar av søknader og vil arbeide opp mot senterleiinga, forskarar, teknisk personale og administrasjonen. Stillinga vil bli lagt i line til sentras administrative leiing, men vil jobbe sjølvstendig opp mot fagleg leiing. Neuro-SysMed og CCBIO har aktivitet ved både HUS og UiB. Den som vert tilsett vil såleis arbeide opp mot begge institusjonane.

Arbeidsoppgåver:

  • Ta initiativ til, leie, koordinere og delta i arbeidet med søknadsskriving ved Neuro-SysMed og CCBIO opp mot internasjonale, nasjonale og lokale finansieringskjelder som EU, NIH, NFR, Kreftforeningen, Helse Bergen, Helse Vest og Trond Mohn stiftelse.
  • Skrive delar av søknadar.
  • Utreie strategiar, blant anna for søknadsarbeidet ved CCBIO og Neuro-SysMed.
  • Bidra til å byggje opp kompetanse og rutinar rundt søknadsprosessar .
  • Motivere forskarar ved CCBIO og Neuro-SysMed til å søkje eksterne forskingsmidlar.
  • Delta i rådgjeving og opplæring av yngre forskarar.
  • Koordinere kontakt med eksterne samarbeidspartnerar.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Det er ein føremon med relevant PhD og forskingserfaring.
  • Erfaring frå søknadsskriving opp mot minimum ein stor internasjonal bidragsytar, som til dømes EU og NIH, er eit krav.
  • Ein dokumentert track record med innvilga søknader er eit krav.
  • Det vil vere ein føremon med erfaring frå søknadsskriving til nasjonale finansieringskjelder.
  • Det ein føremon med kjennskap til UiB og HUS.
  • Det ein føremon med administrativ erfaring, spesielt innan forskingsadministrasjon og økonomi.
  • Flytande skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.

Vi søkjer ein person som

  • er ein pådrivar og initiativtakar med stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • er motiverande og har evne til å fremje samarbeid på tvers av fagmiljøa
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er fleksibel og serviceinnstilt
  • er systematisk og analytisk
  • har evner og vilje til raskt å setje seg inn i nye saksfelt
  • er god til å arbeide strategisk, strukturert og målretta innan fristar
  • har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing

Ved vurdering av søkjaren vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68-74 (for tida kr 615 900 – 691 400). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

For internasjonal søkjar vil følgjande vere relevant informasjon:

  • Helseforsikring for arbeidstakaren og for dei av arbeidstakarens familie som er busett i Noreg er inkludert gjennom Folketrygda.
  • Norsk offentleg skule er av høg kvalitet og er gratis.
  • Bergen har full barnehagedekning. Kostnaden for barnehageplass var i 2019 maksimalt 3 040kr for første barn, 2 128kr for andre barn og 1 520 kr for kvart påfølgjande barn

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga får ein ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS