Stilling:

Rådgjevar - Prosjektkoordinator ved Arena for forskingskommunikasjon

Søknadsfrist 17. oktober 2018

Universitetet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvalting og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda etter av Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssenter. Museet har om lag 120 årsverk.

Nærare informasjon om museet finn ein her: https://www.uib.no/universitetsmuseet

Ved Universitetsmuseet er det ledig fast stilling som rådgjevar (prosjektkoordinator) knytt til Arena for forskingskommunikasjon, med start 1. desember 2018. Arenaen er lokalisert i det rehabiliterte museumsbygget til Universitetsmuseet, Muséplassen 3, som opnar hausten 2019.

Arena for forskingskommunikasjon skal gjennom ulike formidlingsformat og -metodar kommunisere frå forskinga ved Universitetet i Bergen – frå forskingsgrupper, prosjekt og klynger, frå institutt og senter, og frå enkeltforskarar. Arenaen vil vere ein møteplass for akademia og samfunn. Den vil leggje til rette for dialog rundt UiB sine ulike forskingsprosjekt og gi innsyn i kva form for kunnskap eit universitet produserer for samfunnet. Det vil vere ei viktig oppgåve å inkludere studentar ved UiB i dette arbeidet.

Arenaen er organisert som eit tre-årig prosjekt som skal evaluerast i 2021. Siktemålet er at arenaen dernest skal vidareførast og organiserast som del av den ordinære verksemda ved museet. I prosjektperioden vil prosjektkoordinator ha særskilt ansvar for å koordinere arenaens prosjektportefølje og vil rapportere direkte til arenaleder.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i utviklinga og gjennomføringa av Arena for forskingskommunikasjon sitt program
  • Ta del i utviklinga av prosjektporteføljen, ha framdriftsansvar og koordinera delprosjekta som skal synast i arenaen
  • Kommunisere UiBs forsking til omverda gjennom ulike formidlings- og kommunikasjonsformat og metodar – i og eventuelt utanfor arenaen - med ein høg utskiftingsfrekvens
  • Vedlikehalde og byggje nye nettverk mot relevante UiB-miljø og andre institusjonar

Noko ukurant arbeidstid, også i helger, må påreknast i eit til tider hektisk arbeidsmiljø. Det kan bli gjort endringar i ansvarsområde og arbeidsoppgåver, basert på erfaringane i prosjektperioden og sluttevaluering av prosjektet i 2021.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer etter ein engasjert, kreativ og kompetent person med brei erfaring frå forskingskommunikasjon, prosjektkoordinering og relevant museumsarbeid. Vedkommande må ha god målgruppeforståing, evne til å arbeide sjølvstendig og til samarbeid i team. Personlege eigenskaper som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Personen vi søkjer må ha:

  • høgare utdanning på masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • kunnskap om og erfaring med prosjektverksemd
  • god innsikt i og forståing for forskingskommunikasjon i ulike formidlingsformat
  • brei erfaring frå å koordinera og samarbeide med ulike ekspertisar
  • beherske norsk og engelsk både skriftleg og munnleg

Ytterlegare kvalifikasjonar som vil bli vektlagt:

  • erfaring frå undervisning og anna formidlingsarbeid i musé
  • kunnskap om og erfaring med den typen aktivitetar som skal finne stad i arenaen
  • kjennskap til digital verktøy som InDesign, Photoshop etc.
  • erfaring frå marknadsføring i ulike medium

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434 i lønssteg 62-67 (for tida kr 544.400-597.400) i det statlege lønsregulativet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få frå:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS